Fagsamling samfunnstryggleik og beredskap

Erfaringsdeling frå smitteutbrotet på Askøy og "Viking Sky"-ulukka ved Hustadvika er blant temaa på programmet på fagsamlinga på Voss 16. og 17. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.08.2019

Samlinga bør vere særleg aktuell for beredskapskontaktar og andre som jobbar med samfunnstryggleik og beredskap i kommunane, men og for rådmenn, ordførarar, brannsjefar og tilsette i kommunehelsetenesta. Regionale aktørar som arbeider med fagområdet vil òg ha nytte av å delta.

Tema:

  • Legemiddelberedskap

  • Kommunar som har handtert store hendingar i 2019 deler erfaringar:
    • Askøy kommune - drikkevasshending/smitteutbrot
    • Fræna kommune - ulukka med skipet "Viking Sky" ved Hustadvika

  • Debattpanel der kommunar med erfaringar frå ulike typer hendingar deltek saman med aktuelle regionale aktørar
    • Tema "informasjons- og mediehandtering"
    • Tema "evakuering"

  • Industrivern som ressurs for kommunal beredskap og risiko knytt til industri

  • Digital sårbarheit

  • Klimaendringar i lys av flaum- og skredhendingar dei siste åra


Det blir lagt opp til felles middag på kvelden.

Program og praktisk informasjon for fagsamlinga finn du her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.