Digital fagsamling om koronapandemien

Fylkesmannen arrangerer faste årlege samlingar for kommunane og regionale aktørar innan samfunnstryggleik og beredskap. Årets samling var digital og samla deltakarar frå heile Vestland til fagleg påfyll om koronapandemien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.10.2020

Pandemien har vore i sentrum for heile samfunnet og kvar enkelt av oss i lang tid, og vil framleis vere det ei god stund framover. Situasjonen gjorde at vi i år arrangerte fagsamlinga digitalt.

Tysdag 20. oktober deltok over hundre påmeldte deltakarar og innleiarar frå kontor og møterom rundt omkring i fylket, og fekk høyre innlegg med både nasjonale og lokale perspektiv på handteringa og vegen vidare. På deltakarlista stod kommuneoverlegar/smittevernlegar, rådmenn/kommunedirektørar, kommunalsjefar, beredskapskontaktar og andre med beredskapsrelaterte ansvar og oppgåver i både kommunane og hjå regionale aktørar. Fylkeslege Helga Arianson og fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand leia webinaret frå Statens hus i Bergen.

Presentasjonar frå samlinga ligg ved artikkelen, saman med ei kort oppsummering av innlegga. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.