Planprosessen for kommunedelplan for Bjørnafjorden vest har lukkast

Kommunestyret i Bjørnafjorden vedtok kommunedelplanen for Bjørnafjorden vest, tidlegare Os kommune, 11. mai.
– Med dette har kommunen og Statsforvaltaren lukkast med godt og tett samarbeid over tid for å bringe planen trygt i hamn, seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete.

Publisert 16.05.2023

Vi har tidlegare vist til at kommunane treng oppdaterte planar, og at dialogen mellom kommunane og statlege myndigheiter løyser mange utfordringar og motsegnspunkt. Denne kommunedelplanen er eit døme på dette.

Statsforvaltaren legg vekt på rettleiing og møte for å finne løysingar. Kvar kommune har sine utfordringar og si historie. Både planforslaga og tilbakemeldingane vil vere prega av dette. Der det er motsegn, vil det vise att i løysingane, som vil vere ulike frå kommune til kommune. I denne saka kunne begge partar akseptere den framforhandla løysinga.

Statsforvaltaren hadde omfattande motsegn til kommunedelplanen for Bjørnafjorden vest, og har hatt fleire meklingsmøte. I tillegg har det vore tett kontakt og mange møte mellom sakshandsamarane i kommunen og Statsforvaltaren, både som førebuing til og del av meklinga.

Ved at kommunestyret i Bjørnafjorden no har akseptert den framforhandla løysinga, kunne kommunestyret eigengodkjenne kommunedelplanen.

– Som statsforvaltar er eg oppteken av at vi finn løysingar lokalt slik at vi unngår at planane må sendast til endeleg avgjerd i departementet, seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.