God dialog reduserer talet på motsegner

Av totalt 160 kommunale plansaker på høyring i 2022, hadde Statsforvaltaren, etter gjennomført dialogmøte med kommunane, motsegn til 28 av planane. Berre tre av planane vart sendt vidare til endeleg godkjenning i departementet.

Publisert 21.04.2023

– Kommunane godkjenner sjølv dei aller fleste plansakene, seier kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal. Statsforvaltaren og andre regionale fagorgan kan bruke motsegn når kommunale planar er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser. I Vestland finn så godt som alle sakene si løysing lokalt. Berre tre av totalt 160 planar måtte i 2022 sendast til departementet for endeleg planvedtak.

Statsforvaltaren har ansvar for å sjå til at det vert teke omsyn til nasjonale og viktige regionale interesser i arealplanlegginga,  Vi skal særleg passe på strandsona, viktige naturtypar og artar, jordvern, klima, barn og unge, og samfunns¬tryggleik. Dersom kommunane planlegg i strid med desse interessene, kan vi fremje motsegn.

Samordning sikrar betre planar

Statsforvaltaren har også ei rolle i å samordne andre statlege motsegner til kommunale planar. I denne samordningsrolla legg vi opp til god dialog med kommunane, for å få betre planar, færre motsegner og meir effektive planprosessar. Dersom det likevel ikkje blir semje mellom kommunen og dei statlege instansane, blir avgjerda i plansaka flytta frå politisk nivå i kommunen til politisk nivå i Kommunal- og distrikts¬departementet. For tida ligg det to plansaker frå Vestland til endeleg avgjerd i departementet.

Meir enn strandsoneproblematikk

I 2022 fekk Statsforvaltaren tilsendt 20 kommuneplanar og kommunedelplanar og 140 reguleringsplanar til offentleg ettersyn. Av desse var det knytt motsegnspunkt til 47 planar frå statlege aktørar. Statsforvaltaren hadde motsegnspunkt til 38 planar, av desse fire kommuneplanar. Vi hadde 123 aktuelle motsegnspunkt frå Statsforvaltaren oppe til drøfting i om lag 50 dialogmøte med kommunane. Det var flest punkt som var relatert til strandsone og naturmangfald, men også ein god del om tema som klima, samfunnstryggleik, jordvern, støy og interessene til barn og unge.

Dialogen gir resultat

Etter dialog med kommunane vart motsegnspunkta redusert til 85 punkt i 28 planar. I dei fleste sakene der vi har hatt dialogmøte, ønskjer kommunane å jobbe vidare og forbetre planen, før vi får han til nytt gjennomsyn. Etter ein ny runde hjå kommunen, er det ofte ikkje grunnlag for formell motsegn.

I fjor mekla Statsforvaltaren i fem plansaker, der kommunen og statsetatane ikkje oppnådde semje etter utvida dialog. Fire meklingar førte fram, slik at planen kunne godkjennast på vanleg måte av kommunestyret. Berre ein av desse planane vart såleis sendt til departementet.

Same året vart totalt tre planar sendt vidare for endeleg avgjerd i departementet. Ei av desse sakene er avgjort (Elsakervågen, Tysnes), medan to av sakene per no ikkje er ferdighandsama av departementet (Aksla, Bremanger og Sløgrandane, Lærdal).

– Statsforvaltaren har som eit klårt utgangspunkt at dei kommunale planane primært bør avgjerast endeleg av dei lokale folkevalde, seier Yndesdal. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.