Status kommunale planstrategiar i Vestland

Ved starten på nyåret har 24 av 43 kommunar i Vestland vedteke sine kommunale planstrategiar, medan 19 kommunar er undervegs i arbeidet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2021

Etter plan- og bygningslova (pbl.) § 10-1 skal kommunestyret seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Likelydande skal regional planmynde vedta regional planstrategi seinast eitt år etter konstituering av nytt fylkesting, jf. pbl. § 7-1. Regional planstrategi – Utviklingsplan for Vestland 2020-2024 blei vedteken hausten 2020.

Då 2020 starta var mange kommunar i rute med sine planar. Som følgje av korona-pandemien har diverre mange kommunar hamna bakpå, mellom anna med planstrategiarbeidet.

Statsforvaltaren oppmodar kommunane om å prioritere arbeidet med å ferdigstille sine planstrategiar. Dokumentet er sentralt og viser strategiske val i kommunane si samfunnsutvikling, slik som arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd, og ikkje minst ei vurdering av og oversikt over kommunen sitt planbehov i valperioden.

Ved handsaming skal kommunestyret ta stilling til om gjeldande kommuneplan eller delar av denne skal reviderast, eller om planen skal vidareførast utan endringar.

Vi minner om at kommunen i arbeidet med planstrategien skal innhente synspunkt frå statlege og regionale organ og nabokommunar. Kommunen bør også leggje opp til brei medverknad og ålmenn debatt som grunnlag. Forslag til vedtak i kommunestyret skal gjerast offentleg minst 30 dagar før kommunestyret si handsaming.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.