Ny rapport om dispensasjonar i strandsona

Sivilombodsmannen har undersøkt alle vedtak om dispensasjonar for bygging i strandsona i tre kommunar, og gir no konkrete tilrådingar til alle kommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2021

Sivilombodsmannen har undersøkt alle vedtak om dispensasjonar for bygging i strandsona i tre kommunar; Mandal (no Lindesnes), Kragerø og Askøy, frå perioden 2016 til 2019. Det er laga ein rapport for kvar kommune, og ein samla temarapport. I temarapporten oppsummerer Sivilombodsmannen dei sentrale funna som er avdekka i undersøkjingane, og gir konkrete tilrådingar til alle kommunar.

Formålet med rapporten er å gje lokalpolitikarar, tilsette i kommunar, statsforvaltarar, interesseorganisasjonar og andre interesserte ei auka forståing av dei rettslege krava som gjeld ved handsaming av søknader om dispensasjon for byggjing i strandsona.

Her er hovudfunna frå undersøkjingane:

  • Kommunane har gjeve mange dispensasjonar for bygging i 100-metersbeltet.
    85 % av søknadene er innvilga.
  • Det er feil eller manglar ved fleirtalet av vedtaka der dispensasjon er innvilga.
  • Vurderingane av vesentlegheitsvilkåret og av fordeler og ulemper er ofte mangelfulle.
  • Ingen av vedtaka inneheld ei særskilt «kan»-vurdering slik plan- og bygningslova krev.
  • Kommunane har i varierande grad sendt dispensasjonssøknader til andre styresmakter for uttale.
  • Kommunane undersøkjer sjeldan om dispensasjonen er i tråd med statlege og regionale rammer og mål.

Lenke til rapportane finn du vedlagt. Vi oppmodar kommunane om å setje seg inn i rapportane, som også gjev ei god og systematisk framstilling av regelverket for handsaming av dispensasjonssaker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.