Vassdragsinngrepssaker i 2020 og 2021

Bygging av fisketrapp, som her i Nausta, er eit døme på tiltak som krev løyve etter fleire lovverk.
Bygging av fisketrapp, som her i Nausta, er eit døme på tiltak som krev løyve etter fleire lovverk. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Gry Walle.

Statsforvaltaren handsama 61 søknader/høyringar om inngrep i vassdrag i 2020, og 60 saker i 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2022

I denne oversikta gjeld inngrepssaker i vassdrag tekniske inngrep i vasstrengen, unntatt vasskraftutbygging, og fjerning av kantvegetasjon. 

Kva er oppgåva til Statsforvaltaren?

Statsforvaltaren er høyringspart og gjev råd til kommunane og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i deira handsaming av inngrepssaker i vassdrag. For tiltak på lakse- og sjøaureførande strekningar, og som ikkje er konsesjonspliktig etter vassressurslova, skal vi handsame sakene etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.

Vi har òg som oppgåve å handsame søknadar om fjerning av kantvegetasjon etter vassressurslova § 11. Fylkeskommunen handsamar søknadar etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag for tiltak i vassdrag/deler av vassdrag utan laks og sjøaure.

Saker i 2020 og 2021

Fordeling av inngrepssaker i vassdrag, unntatt vasskraftutbygging:

Type inngrep/føremål 2020 2021
Flaumsikring (førebygging/reparasjon) 18 21
Fisketiltak (fisketrapp, habitattiltak, m.m.) 14 3
Vassuttak (drikkevassforsyning, fiskeoppdrett, m.m.) 5 15
Andre inngrep/føremål (veg/bru, masseuttak, røyr/kabel, m.m. 21 10
Fjerning av kantvegetasjon 3 11
Totalt 61 60

 

Talet saker i 2020 og 2021 var så å seie identisk, men det var ein viss forskjell i fordelinga innan type inngrep/føremål. Auken i vassuttakssaker i 2021 kan forklarast med fleire søknadar om avvik frå vilkåra for uttak av vatn til settefiskanlegg, etter den tørre sommaren og hausten.

Kategoriane fisketiltak og saker som gjaldt andre inngrep/føremål var uvanleg høgt i 2020, men meir tilbake på normalen i 2021. Søknadar om inngrep i kantvegetasjonen auka i 2021, og det er truleg ein trend som kan skuldast at regelen om å oppretthalde eit funksjonelt kantvegetasjonsbelte har blitt meir kjend.

Talet flaumsikringssaker har vore relativt stabilt dei seinare åra. I første fase etter ein storflaum aukar mengda krise- og hastetiltak, men mengda reparasjonar og førebyggingstiltak vil halde fram i fleire år.

Tiltak i vassdrag må ta omsyn til naturmangfaldet

Sikringstiltak for å ivareta viktige samfunnsverdiar har høg prioritet. Det finst gode rettleiarar for korleis inngrepa kan tilpassast naturmiljøet, for å unngå negativ påverknad for fisk og anna vasstilknytt naturmangfald. Tilbaketrekt elveforbygging vil både betre flaumkapasiteten, og gi produksjonsareal for fisk.

Eit typisk svar frå Statsforvaltaren på ein søknad som er godt grunngjeve, er at tiltaket kan gjennomførast på visse føresetnader. Viktige tilpassingar kan vere å sikre gode leveområde for fisk, leggje til rette for kantvegetasjon, og at eventuelt gravearbeid blir gjennomført utanom den mest sårbare perioden når det ligg rogn/yngel i elvegrusen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.