Inngrep i vassdrag

Fylkesmannen handsama 45 søknadar om inngrep i vassdrag i 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2020

Inngrep i vassdrag er eit samleomgrep for tekniske tiltak og vassuttak til andre føremål enn vasskraftutbygging. Alle tiltak i vassdrag krev løyve frå anten Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) eller Fylkesmannen/fylkeskommunen, i tillegg til kommunen si handsaming etter plan- og bygningslova.

Fylkesmannen si oppgåve

Fylkesmannen gjev råd til kommunane og NVE i deira handsaming av saker om tiltak i vassdrag. For tiltak på lakse- og sjøaureførande strekningar, skal vi òg handsame sakene etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Fylkeskommunen handsamar søknadar etter same forskrift i vassdrag/deler av vassdrag utan laks og sjøaure.

Fordeling av inngrepssaker som Fylkesmannen har jobba med i 2019:

Sikringstiltak (elveførebygging, reparasjon etter flaum) 23
Fisketiltak (fisketrapp, habitattiltak) 5
Vassuttak (drikkevassforsyning, fiskeoppdrett) 6
Andre føremål (brubygging/vedlikehald, kryssing med røyr, masseuttak, kantvegetasjon m.m.) 11
Totalt 45

Svaret frå Fylkesmannen er ofte at tiltaket kan gjennomførast, men med krav om nokre miljøtilpassingar. Vi gav 19 løyve, og 21 positive tilrådingar til kommunar og NVE i 2019. I fem saker rådde vi frå tiltaket, eller avviste søknaden på grunn av mangelfullt kunnskapsgrunnlag.

Graving og fisk

Graving i og langs vassdrag kan skade laks og sjøaure både i området gravinga skjer, og nedstraums gravinga. Det er særskilt rogn og yngel som kan bli negativt påverka av graveaktivitet. Finstoff frå gravinga, som sand og silt, kan tette att hulromma i gytegroper der rogn og yngel ligg. Dette kan føre til auka dødelegheit. For å unngå dette bør graving og andre tiltak i vassdrag difor berre skje i perioden det ikkje ligg rogn og plomsekkyngel i grusen, dvs. i juli – september.

Kantvegetajon

Vi understrekar at det er knytt eit lovfesta krav i vassressurslova § 11 om ein funksjonell kantvegetasjon langs vassdrag. Det er ikkje lov å fjerne kantvegetasjon langs vassdrag utan løyve frå Fylkesmannen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.