Lisensfelling av jerv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.09.2021

Lisensjakta gjeld for heile Hordaland og Sogn og Fjordane. Jakttida for jerv er frå 10. september 2021 til 15. februar 2022.

Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv. Jervejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jervejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) 51 56 89 00. Den som feller jerv, eller løyser skot mot jerv, skal straks melde frå til Statsforvaltaren på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.