Ta omsyn til klimaendringane i kommuneplanlegginga

Det er kome ny rettleiing til dei statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2019

Kommunar og fylkeskommunar har ei sentral rolle i arbeidet med klimatilpassing. Rettleiinga som no er klar viser korleis omsyn til klimaendringane kan takast på dei ulike plannivåa. Den skal bidra til at samfunnet vert budd på og tilpassa desse endringane. 

For å gjere det så enkelt som mogleg å ta i bruk rettleiinga er det utarbeidd ein digital versjon. Denne er bygd opp stegvis og følger plansystemet. På nettsida finn ein også lenker til relevant rettleiing hos andre myndigheiter og korleis andre har løyst det.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.