Korleis ta vare på natur i endra klima?

Den 24. november kan du delta på webinar for kommunane om klimatilpassing av naturmiljø. Klimatilpassing er ein viktig del av naturforvaltninga i kommunane, og no kjem rettleiaren til korleis kommunane kan ta plangrep for å ta betre vare på naturen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.11.2020

Velkommen til webinar

Ein nylansert rettleiar kan bidra til å auke kunnskapen. Velkommen til lansering på webinar den 24. november kl. 10. Webinaret varar omlag ein time og du kan stille spørsmål. Det er gratis, men du må registrere deg her på førehand for å delta. 

Visste du at 40 prosent av artane i fjellet er trua av klimaendringar? 

Gjennom god planlegging vil kommunane kunne redusere påverknaden på naturen. Klimaendringane verkar i lag med mange andre påverknadar, og alle må bli vurdert i samanheng. Den nye rettleiaren frå Miljødirektoratet skal gjere det enklare for kommunane å finne mogelege plangrep for å ta vare på natur som i særleg grad er påverka av klimaendringer. 

Rettleiaren er ei samling av gode eksempel på korleis artar og naturtypar som vert påverka av klimaendringar kan, gjennom kommunane sitt planarbeid, bli teke betre vare på. Korleis ta grep om til dømes elveløp inn i kommunane sin samfunnsdel eller arealdel? Kva med reguleringsplanar? Og kva er konsekvensen av eit endra klima på til dømes sanddyner eller i innsjøar? 

Grunnlaget for rettleiaren kjem frå eit prosjekt der fleire, mellom andre Fylkesmannen i tidlegare Sogn og Fjordane, har delteke. Fylkesmannen vil oppmode kommunane å delta på webinaret den 24. november. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.