Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Svanøy Havbruk AS har 10. november 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Austneståa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.11.2021

Verksemda har fått endra løyve til utslepp frå ein produksjon på 3120 tonn MTB av laksefisk på lokaliteten Austneståa. Endringa inneber at produksjonsmengda som tidlegare var mellombels godkjent, er gjort permanent.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.