Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Gloppen kommune

Nordfjord Laks AS har 10. august 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Lindeneset. Løyvet er endra frå å vere mellombels til å gjelde permanent for forureining frå ein produksjon på inntil 1560 tonn MTB.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.08.2021

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.