Hardangerfjorden toler ikkje meir
Overvakingsdata for Hardangerfjorden viser ei negativ utvikling over tid som har kome så langt at det ikkje er mogleg å nå miljømåla i vassforskrifta. Vi har no behandla ni saker som vart usette i 2023, og må seie nei til desse søknadene fordi dei vil føre til auka utslepp frå akvakultur.
Hardangerfjorden har ei lang historie med store industriutslepp. Regionen har vore eit pionerområde for akvakultur og har i dag stor produksjon. Medan utsleppa frå industrien har vorte redusert dei siste femti åra har framveksten av akvakulturnæringa ført til stadig aukande tilførsel av næringssalt og organisk materiale.
I 2023 registrerte vi at overvakingsdata synte ei tydeleg negativ utvikling for fleire miljøparametrar i fjorden. Samstundes såg vi eit ønskje om å auke akvakulturproduksjonen i fjordsystemet. Som følgje av dette utsette vi behandlinga av alle akvakultursøknader i området medan vi venta på nytt kunnskapsgrunnlag om tilstanden i fjorden og bereevna for auka utslepp.
Dei siste åra er det samla inn og sett saman store mengder nye data om miljøtilstanden i Hardangerfjorden. Samanstillinga av nye og historiske data gir no eit meir komplett bilete av utviklinga over tid. Analysane stadfestar at fleire sentrale miljøparametrar har ein negativ trend, og syner at tempoet i endringane har auka dei siste åra.
I våre vurderingar må vi òg ta inn over oss at klimaet er i endring. Klimaendringane gir varmare og ferskare kystvatn, meir nedbør og oftare ekstremvêr. Dette svekkar utskiftinga av djupvatn i terskelfjordane og aukar avrenninga av næringssalt og organisk materiale frå land. Resultatet er at bereevna – fjorden si evne til å ta unna utslepp utan varig skade – blir lågare enn før.
Når vi no seier nei til ei rekkje søknader, har vi vurdert korleis kvar sak bidrar til påverknad av heile fjordsystemet, og dermed sett heile sakskomplekset i samanheng. Dette er nytt, men nødvendig. Den nye kunnskapen viser at folka våre hadde god grunn til uro, då dei såg dei negative trendane i 2023.
Kva veit vi i 2026?
- Oksygen i djupvatn: Målingar frå dei djupaste bassenga viser ein klar og langvarig nedgang i oksygenkonsentrasjonen. I 2024 vart grenseverdien mellom god og moderat tilstand (3,5 ml/l) passert for fyrste gong, og trendkurvene peikar vidare nedover.
- Trådforma algar (lurv): Overvaking i indre fjordområde viser moderat til dårleg økologisk tilstand. Foto og feltobservasjonar dokumenterer i enkelte områder tette matter av opportunistiske algar som dekkjer botn og vegetasjon.
- Miljøgifter i sediment: Heile fjordsystemet har dårleg kjemisk tilstand i botnsedimenta, hovudsakleg som følgje av historiske industriutslepp og langtransporterte stoff. Desse problema gjer økosystemet meir sårbart for ny påverknad.
Akvakulturproduksjon og samla belastning
Den årlege produksjonen i Hardangerfjorden har dei siste åra lege rundt 60 000 tonn fisk, medan samla ønskje frå bransjen – dersom tildelte løyve, innkomne søknader og planlagde anlegg vert realiserte – vil løfte produksjonspotensialet til om lag 235 000 tonn. Ein slik auke vil gi langt større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn idag. Produksjonen har i tillegg vorte meir svingande mellom år, noko som kan forsterke toppar i påverknaden.
Overgjødsling frå næringssalt gjev meir plantevekst, meir organisk materiale – noko som igjen aukar oksygenforbruket i vassøyla og på botn Eutrofiering (overgjødsling) er eit av dei største trugsmåla mot marine kystøkosystem og påverkar ein betydeleg del av kystlinjene i verda. Terskelfjordar er særleg utsette.
Kva betyr dette for forvaltninga av fjorden?
Rammene i forureiningslova, vassforskrifta og naturmangfaldlova krev at påverknaden må vere innanfor det miljøet toler.
Vi må ta innover oss dei signala som klimaendringane gir om svekka oksygennivå og lågare tolegrense for utslepp i det marine miljøet og vurdere den forventa miljøpåverknaden av tiltaka det vert søkt om både i lys av situasjonen slik den er i dag, og dei verknadene som må forventast i åra framover.
Målet er å hindre vidare forverring og medverke til at fjorden på sikt kan betre tilstanden.
Med den kunnskapen vi no har, er konklusjonen at
- søknader om ny eller auka produksjon i akvakultur i Hardangerfjorden får avslag
- eventuell ny teknologi som kan redusere utslepp kan vurderast innanfor eksisterande produksjonsrammer, men kan ikkje kome i tillegg til dagens samla belastning
Alle vedlegg til denne saka er ikkje universelt utforma. Ta kontakt med oss dersom du treng meir informasjon om innhaldet.
Kontaktpersonar
Dokument
- Samanstilling av kunnskapsgrunnlaget (pdf-format)
- Avslag på søknad om etablering av akvakulturanlegg for Eide Fjordbruk AS ved lokaliteten Ulveneset i Kvinnherad kommune.pdf
- Vedtak om avslag for Eide Fjordbruk AS på lokalitet 12035 Hondskår i Kvinnherad kommune.pdf
- Vedtak om avslag for Eide Fjordbruk AS på lokalitet 12036 Hisdalen i Kvinnherad kommune.pdf
- Vedtak om avslag på søknad om utsleppsløyve for Alsaker fjordbruk AS ved Nedrevåge i Tysnes kommune.pdf
- Vedtak om avslag på søknad om utsleppsløyve for Lingalaks AS ved lokalitet Ytre Samlen i Kvam kommune.pdf
- Vedtak om avslag på søknad om utsleppsløyve for Mowi ASA ved lokalitet Øyerhamn i Kvinnherad kommune.pdf
- Vedtak om avslag på søknad om utviding av oppdrettsanlegg for Eide Fjordbruk AS på lokaliteten Brandaskuta i Kvinnherad kommune.pdf
- Vedtak om avslag på søknad om utviding av oppdrettsanlegg for Eide Fjordbruk AS på lokaliteten Hågardsneset i Kvinnherad kommune.pdf
- Vedtak om avslag på søknad om utviding av oppdrettsanlegg for Mowi Seawater Norway AS på lokaliteten Slåttenes i Kvinnherad kommune.pdf