Spørjeundersøking om beredskap på gardsnivå i Vestland fylke

Sau på fjellbeite med utsikt over fjord
Beredskap i landbruket er ein viktig del av totalberedskapen. Foto: Øyvind Vatshelle / SFVL.

Denne veka fekk alle landbruksføretak i Vestland fylke tilsendt ei spørjeundersøking om beredskap på gardsnivå.

Publisert 25.03.2026

Fleire bønder har allereie svart, noko som tyder på at dette er viktig for næringa. Dersom du ikkje har svart, håpar vi at du set av nokre minutt til å svare på undersøkinga.

Beredskap i landbruket er avgjerande for matsikkerheit og forsyningstryggleik, samt ein viktig del av totalberedskapen. Med denne spørjeundersøkinga ønsker Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med faglaga, å kartlegge kritiske sårbarheiter på gardsnivå.

Resultata vil bli nytta i planlegging og oppfølging, samt formidla til relevante aktørar innan beredskap og landbruk. Spørjeundersøkinga vil òg fungere som ei enkel sjekkliste for kvar enkelt bonde.

Undersøkinga vart sendt ut på e-post via plattformen MonkeySurvey. Innsamla data blir handsama i samsvar med GDPR. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.