Tilskot til skjøtsel av truga naturtypar (gjeld beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase)

Jordtunger.
Jordtunger. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase, der beitinga er gjennomført slik at det biologiske mangfaldet i naturtypen blir teke vare på eller forbetra.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 12.04.2021

Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vera gjødsla, jordarbeidd eller sprøyta med plantevernmidlar. Arealet skal beitast med høveleg beitetrykk. Både for sterkt og for svakt beitetrykk kan forringe naturtypen og redusere artsmangfaldet.

Den digitale kartløysinga i søknaden tillet diverre ikkje innteikning av areal i felles utmark. Dersom ein ynskjer å søke om tilskot for nye lokalitetar i felles utmark, må søkar difor teikne desse på papirkart og levere til kommunen som legg arealet til i elektronisk søknad. Kartteikningar som er registrerte i elektronisk søknad frå og med 2019 kan derimot, som for alle tiltak, importerast til seinare søknadsomgangar.

For lokalitetar som er registrerte i Naturbase med anna verdi/kvalitet enn «Svært viktig», «Viktig» eller «Lokalt viktig», skal ein nytte tiltaksklassen «Viktig» i søknadsskjemaet. Registrering i Naturbase er ikkje nok til å få tilskotet, då skjøtselskrava også skal vere oppfylte.

Føretak som skjøttar areal som kan vere aktuelle for dette tiltaket, men der arealet ikkje er registrert i Naturbase, må kontakte kommunen for å få arealet vurdert og lagt inn i Naturbase før det kan søkast tilskot. Godkjenning og registrering i Naturbase tek diverre litt tid.

NB! Føretak som har uavklara lokalitetar i høve Naturbase kan inntil avgjerda er teken søke om Tilskot til truga naturtypar for arealet, og det kan der søkast for inneverande sesong og føregåande sesongar tilbake til og med 2019. Tilskot til truga naturtypar vert forvalta av miljøavdelinga til Statsforvaltaren, og søknadsfristen er 15. januar.

Beitinga skal utførast i samsvar med fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for beiting av naturbeitemark og hagemark under.

Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Beiting kr 100 per daa
    Inntil 70 dekar per føretak


    (Beiting, i samsvar med skjøtselsråd, av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase)

 

Solblom er ein trua og sjelden plante.
Solblom er ein trua og sjelden plante. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.


Skjøtselsråd for beiting av naturbeitemark og hagemark

Dersom det finst skjøtselsråd for lokaliteten i Naturbase, bør ein følgje desse. Dersom det ikkje finst særskilte skjøtselsråd for lokaliteten, gjeld følgjande generelle rettleiing for drifta, jf krav om at beitinga skal bli gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra:

  • Arealet må beitast, helst med same type husdyr og etter same beitemønster som i tradisjonell drift tidlegare. Planteartar kan forsvinne dersom ein skiftar dyreslag eller endrar beiteperioden.

  • Tidleg beiteslepp er normalt gunstig. Beitet bør vere godt nedbeita på slutten av sesongen, sidan beitemarksoppane krev mykje lys og lite oppsamling av næring.

  • Arealet bør ikkje vere tilgrodd eller ha lågt beitetrykk, men det bør vere nedbeita om hausten.

  • Arealet bør ikkje vere dominert av tre og busker som gir mykje skugge.

  • I hagemarker må ein ta vare på trea.