Tilskot til skjøtsel av styvingstre (styving utført i søknadsåret)

Nyleg styvde tre på Grinde, Sogndal kommune.
Nyleg styvde tre på Grinde, Sogndal kommune. Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for styving utført i søknadsåret, der styvinga er gjennomført på ein skånsam måte slik at trea sitt særpreg og biologiske mangfald blir teke vare på. Styving blir utført ved tilbakeskjering av nye skot på gamle styvingstre.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 21.04.2023

Tilskotet gjeld i utgangspunktet berre eldre styvingstre. Det kan og gjevast tilskot for styving av nyare tre, dersom dei inngår i ei gruppe av eldre styvingstre og dei nye trea erstattar eldre styvingstre som døyr.

Eit styvingstre kan ikkje løyvast tilskot for oftare enn kvart femte år.

Det er ikkje krav om at lauvet skal nyttast som fôr, men kappa greiner og lauv må fjernast frå området slik at det framstår som ryddig og stelt.

NB! Tilskotet kan berre gjevast det året treet vert styva. Det kan gjevast tilskot for maksimum 70 tre per føretak. Tre styva i søknadsåret som det vert søkt tilskot for, skal markerast i kart i søknaden som punktregistreringar per tre, eller per gruppe med styvingstre, per søknadsomgang. Styvinga skal utførast i samsvar med fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for styving under.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Tre styva sidan førre søknadsomgang - kr 500 per tre
    Tilskot for styving av inntil 70 tre per år per føretak

    (NB! Frå og med 2019 kan det kun gjevast tilskot for styvingstre som har blitt styva i søknadsåret. Styvingstre som blei godkjent for tilskot i 2019 kan først godkjennast for tilskot att tidlegast i 2024, då det er krav om minst 5 år mellom kvar styving av eitt tre)

Styvingstre på Ulvund, Voss herad.
Styvingstre på Ulvund, Voss herad. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Skjøtselsråd for styving

Generelle råd

  • Tenk tryggleik først! Styving kan føre til stygge ulukker.

  • Gamle styvingstre må styvast med varsemd. Det må alltid stå att livgreiner ved styving slik at ikkje treet døyr av uttørking. Eldre styvingstre bør såleis styvast i to omgangar over to til tre år der ein styvar halve treet i kvar omgang. Ein må vere varsam med å restaurere gamle bjørke- og seljestuvar. Trea må i så fall kappast tilbake over fleire år.

  • Gamle styvingstre som ikkje har vore skjøtta på lang tid får ei stor krone på grunn av dei mange sidegreinene. Slike tre er utsette for å brytast ned av snø og vind. Særskilt ved fristilling av slike tre må ein vurdere å redusere krona med styving for å unngå at treet vert øydelagt.

  • Kappstaden på treet må vere godt over beitehøgd til husdyr. Styvingstre av alm og ask kan ofte vere tre til fem meter høge og av og til med fleire greinkransar, medan lågare stuvar frå to til tre meter høgd er meir vanleg for rogn og selje.

  • Greiner og kvistar som ikkje skal nyttast til fôr eller virke må fjernast, brennast eller leggjast i dungar slik at arealet framstår som ryddig og stelt.

  • Ein må unngå for store kappflater, og ein må skråskjere slik at regnvatn renn av kappflatene.

  • Greinene kan kappast om lag tre til fem centimeter utanfor førre kappflate (førre styving), men så nært hovudstamma som råd og ved frisk ved. Ein må i alle høve setje att nokre centimeter utanfor greinkragen (synleg overgang mellom stamme og grein), slik at greinkragen står att og sikrar gode skot. Greinkragen er ein del av stammen og må ikkje skadast.

  • Ved å skjere eit spor rundt stammen før kapping unngår ein at borken flekkjer av langs stammen når greina fell.

  • Set att rekrutteringstre der du har fleire styvingstre i same område.

  • Ved restaurering bør ein unngå sjokkendringar i miljøet, og heller opne områda gradvis.

Tidspunkt og intervall for styving

  • Verken hyppig eller sjeldan styving er bra, og styvingssintervallet må tilpassast det einskilde tre og vekstvilkåra på staden. Styving skal utførast om lag kvart femte til sjuande år, men dette er avhengig både av treslag, alder på treet (gamle tre har lågare tilvekst) og veksetilhøva på staden. Hyppig styving gjer det enklare å bruke kvistsag frå bakken, og det vert meir lauv enn kvist. Om ein ventar opp mot ti år, blir det betre vedemne.

  • Dersom lauvet skal nyttast til fôr, bør styvinga utførast når fôrverdien på lauvet er høgst, det vil sei kring jonsok og utover sommaren.

  • Dersom lauvet ikkje skal nyttast til fôr, vil det med tanke på praktisk utføring lønne seg å styve treet i bladlaus tilstand (frå seinhaustes og fram mot mars - april (før sevja stig)). Det er gunstigast med styving i den kalde årstida for å unngå sopp og roteskade på treet. Styving i sevjetida kan svekke og i verste fall utarme treet. Styving i bladlaus tilstand er best når tre skal restaurerast.

  • Styving bør ikkje utførast ved temperaturar under -10°C då veden då er så frossen at snittflatene kan skadast. Under hard frost blir veden sprø, og det blir då lettare skadar både på tre og den som styvar.

  • Sterk beskjering om hausten kan forsinke vekstavslutninga og såleis auke risikoen for frostskadar.

  • Ein bør prioritere å setje att greiner med stor greinvinkel, då desse er sterkast mot snø- og vinterskadar.

Skjøtselsråd for styving per treslag

Ask (gjeld og rogn og lind):
Asken toler vanlegvis kraftig attendeskjering. Ved etablering av nye styvingstre skal ein kappe bort sidegreinene og utvikle ein hovudstamme. Dette kan gjerast etter nokre få leveår. Asken dannar mange greinskot etter avskjering, og hovudstammen toler å bli kappa tvert av. Kapp av toppen når treet er kring fire til fem meter høgt. Dersom treet er gamalt med kraftige greiner etter sist styving, bør ein restaurere treet over to til tre år ved å skjere greinene gradvis av. Askestuven skal utviklast som ein kraftig hovudstamme med ein krans av yngre greiner. Rogn tåler ikkje hard styving så godt som ask og alm, og rogna kan såleis turka ut og dø ved for radikal styving.

Alm:
Almen toler hard styving, i alle fall i ung alder. Ved etablering av nye styvingstre skal ein kappe bort sidegreinene og utvikle ein hovudstamme. Dette kan gjerast etter nokre få leveår. Når treet er sju - åtte år kan ein styre utviklinga av greinene og avgjere kva greiner ein skal forme til hovudgreiner. Dersom treet er gamalt med kraftige greiner etter sist styving, bør ein restaurere treet over to til tre år ved å skjere greinene gradvis av. Almen dannar fleire greinskot ved kappstaden. Tradisjonelt styva ein slik at det utvikla seg ein hovudstamme etterkvart med fleire større sidegreiner. Trea fekk såleis fleire "etasjar" og kunne bli høge. Ved utvikling av treet er det då viktig at ein etablerer ei form med hovudgreiner og sidegreiner som dannar ulike nivå i almetreet.

Bjørk (gjeld og eik):
Bjørka toler berre svak/moderat styving. På grunn av tidleg og kraftig sevjeoppgang må bjørka styvast innan mars. Unge tre kan formast til styvingstre når dei er om lag fire til fem meter høge. Ein kappar då av hovudstammen først og let sidegreinene utvikle seg. Tradisjonelt styva ein slik at ein stimulerte ei stadig utvikling av sidegreinene, og treet fekk då etterkvart ein "kandelaberform" av gamle, tjukkare greiner og ein sekundær greinkrans av unge og friskare greiner. Ved utvikling av nye styvingstre er det viktig å etablere ei form med hovudgreiner som dannar ein greinkrans i bjørka. Det er viktig å setje att livkvistar på alle sidegreiner og ikkje skjere greinene kraftig attende. Ein må ikkje hogge ut meir enn vel halvparten av dei friske greinene. Gamle bjørkestuvar har ein tendens til å stimulere vekst av ein hovudstamme med nedbygging av sidegreiner og får såleis ei slankare form. Ein skal vere varsam med å restaurere gamle bjørkestuvar.

Selje:
Selje toler moderat/kraftig styving som ung, men ho toler berre svak styving med alderen. Ved restaurering er det viktig å setje att livgreiner. Unge tre kan formast til styvingstre når dei er tre til fire meter høge. Ein kappar då av hovudstammen og let sidegreinene utvikle seg. Ein må setje att livkvistar/greiner og utføre ein skjøtsel som liknar skjøtselen som omtala for bjørka. Selja veks med parvise årsskot slik at styvingstreet etter kvart vert noko fleirstamma med "gaffelgreining". Selja vart tradisjonelt styva på tre måtar: 1) Forming av mannshøge "snelsskogar". Desse buskasforma seljene vart lauva ofte, gjerne annakvart år. 2) Kapping av selja i ung alder til låge styvingstre med ein hovudstamme (likna små askestuvar). 3) Forming av høgare styvingstre. Ein skal vera varsam med å restaurere gamle seljestuvar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP