Tilskot til brenning av kystlynghei (gjeld brenning av kystlynghei som vert vinterbeita og som er registrert i Naturbase)

Bilde som viser brenning av lyng.
Lyngbrenning i Fitjar. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for brenning av kystlynghei registrert i Naturbase. Tilskotet kan berre gjevast for brenning av areal som er godkjent for Tilskot til beiting av kystlynghei.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 24.04.2023

Vilkår:

  • Brenning må vere gjennomført slik at kystlyngheia blir teke vare på eller forbetra. Lyngheier må bli brent med jamne mellomrom, om lag kvart 15. år, for å oppretthalde god beitekvalitet vinterstid. Etter brenning får lyngen raskt god kvalitet.
  • Tilskotet kan gjevast for areal registrert som kystlynghei i Naturbase, og det kan berre gjevast som eit tillegg til tilskot etter § 10 Beiting av kystlynghei. Tilskotet gjeld såleis kun skjøtselsbrenning av kystlynghei i drift. Dersom området er attgrodd, vil det vere behov for større skjøtselsbrenning før ein kan søke om tilskotet. Til slik restaurerings-brenning kan ein søke kommunen om SMIL-midlar.
  • Brenninga skal utførast i tidsrommet mellom 15. september og 15. april og etter avklaring med lokalt brannvesen. Brenning nær til dette tidsintervallet kan godkjennast dersom samtykke til brenning er gitt av lokalt brannvesen.
  • Brenninga skal vere godt planlagd, og den skal gjennomførast på ein forsvarleg måte og i samsvar med skjøtselsråd fastsett av Statsforvaltaren.
  • Tilskotet vert tildelt for utført brenning, og tilskotet kan berre gjevast for areal som er brent etter søknadsfristen i føregåande søknadsomgang, fram til søknadsfristen i den aktuelle søknadsomgangen.
  • Det kan ikkje gjevast tilskot for brenning av same areal oftare enn kvart 10. år.

Felles areal i utmark kan diverre ikkje teiknast inn gjennom den digitale kartløysinga i søknaden. Dersom ein ynskjer å søke om tilskot for nye lokalitetar i felles utmark, må søkar difor teikne desse på anna kart og levere til kommunen, som legg arealet til i elektronisk søknad. Kartteikningar som er registrerte i elektronisk søknad kan derimot, som for alle tiltak, importerast til seinare søknadsomgangar.

Dersom ulike føretak har felles brenning i det same arealet, må arealet i søknadane delast mellom føretaka. Dette fordi tilskotet berre kan betalast éin gong for eit gitt areal i same søknadsomgangen.

I ein del tilfelle blir berre delar av eit område brente, anten fordi nokre felt ikkje tek fyr, eller fordi ein brenn små-felt i mosaikk. Ein kan då merke av på kartet heile området det er brent i, og kommentere i merknadsfeltet i søknaden at det er delvis brent. Vidare lyt ein manuelt leggje inn i søknadsskjemaet om lag kor mange dekar som faktisk er brent.

Føretak som skjøttar areal som kan vere aktuelle for dette tiltaket, men der arealet ikkje er registrert i Naturbase, må kontakte kommunen for å få arealet vurdert og lagt inn i Naturbase før det kan søkast tilskot. Godkjenning og registrering i Naturbase vert utført av Statsforvaltaren, og denne prosessen tek diverre litt tid.

Brenninga skal utførast i samsvar med fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for brenning av kystlynghei under.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • kr 400 per daa
    Inntil 400 daa dekar per føretak

    (Brenning av lokalitetane som er godkjende under Tilskot til beiting av kystlynghei)
Bilde som viser ny lyng som veks opp etter brenning
Ny lyng etter brenning. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Skjøtselsråd for brenning av kystlynghei

  • Tidspunkt: Lyngbrenning skal normalt utførast mellom 15. september og 15. april. Forutan at tidsrommet for brenning er nedfelt i brannforskrift, er det og viktig for å unngå jordbrann og av omsyn til hekkande fugl og dyre- og planteliv generelt. Ved eventuelt brenning kort tid etter fristen 15. april, skal det føreligge dispensasjon/samtykke til brenning frå lokalt brannvesen. Slik dispensasjon kan vere aktuelt å søke om etter ein våt vinter/vår. Dersom ein skal brenne tidleg på hausten etter ein tørr sommar, må det først komme ei god rotbløyte.

  • Brannvesen: Ein bør jobbe for eit godt og tillitsfylt samarbeid med brannvesenet, og ein må respektere lokale brannforbod. Ein må alltid gje beskjed til brannvesenet før brenning, helst i god tid. Ein må gje beskjed om kor tid elden skal tennast og sløkkast/er sløkt. Brannvesenet vil gjerne ha ein liten plan for brenninga inkludert kart, sjå punktet under om planlegging.

  • Kontakt Statsforvaltaren for å unngå skade på hekkande fugl i særskilte tilfelle:
    • Dersom ein planlegg brenning i verneområde, skal ein kontakte Statsforvaltaren ved miljøavdelinga for å avklare gjennomføring.
    • Dersom ein planlegg brenning i område der det hekkar havørn og hubro, eller ein er usikker på om desse artane kan hekke i området, bør ein kontakte Statsforvaltaren. Begge artane startar hekketida i februar-mars, og Statsforvaltaren ved miljøvernavdelinga har oversikt over kjente hekkeplassar.

  • Planlegging: Lyngbrenning må alltid planleggjast på førehand. Dette gjeld kva areal som skal brennast, grunneigarløyve, plan for avgrensing av elden, plan for sløkking, behov for mannskap, og behov for og rydding av branngater (branngater kan gjerne ryddast på andre tider av året). Topografien bør nyttast til å lette opptenninga og til å avgrense elden.

  • Vind: Ein må aldri brenne i sterk vind, men litt vind er alltid ein fordel. Ein må vere merksam på at elden «syg» luft, slik at vindstyrken på flammane er større enn målt vindstyrke. Om mogeleg bør ein brenne mot vinden. Jo tørrare det er, di meir merksam må ein vere på vinden.

  • Mannskap: Det kan aldri bli for mange deltakarar på ei lyngbrenning. Det bør vere minimum 5 personar ved mindre brannar under trygge forhold, helst fleire. Før ein tenner opp må alle vere einige om plan og gjennomføring for brenninga og kven som har kommandoen. Kun éin person skal leie brenninga.

  • Utstyr: Alle deltakarar må ha sløkkingsutstyr. Det er vanleg med skogbrannsmekke, men aluminiumsspade med langt skaft kan òg brukast. Deltakarane bør bruke kle i ull og bomull og unngå kunststoff som smeltar i varme, samt verne hender, hår og auge.

  • Mosaikk: Ein bør prøve å etablere ein mosaikk i lyngen med brannflater av ulik alder. Dette gjev best beitekvalitet gjennom året. Topografien bør utnyttast til å lage mange mindre brannar i staden for éin stor brann. Små brannflater på 5-50 daa gir best mosaikk. Ved oppstart av skjøtsel i område med gamal lyng er det naturleg å brenne større flater i starten. Regelmessig brenning stimulerer til auka spiring av frøbanken og gjev høgare artsmangfald.

  • Avslutting: Ein må aldri forlate ei rykande brannflate. Sjølv om flammane er sløkte, kan det ulme under bakken. Ein må difor avslutte brenninga i god tid før det blir mørkt.

  • Kor ofte: Kor ofte ein må brenne er avhengig av beitetrykk, jordkvalitet og kvar lyngen veks i landskapet. Ein må vurdere høgde på lyngen, forveding av lyngen og kor frisk lyngen er. I snitt må det same feltet brennast om lag kvart 15. år på Vestlandet. Det vil sei at ein bør brenne 5-10 % av lyngmarka kvart år.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP