Berekraft i praksis på landbrukskonferansen for Vestland

Bilde viser ryggane til personar som sit i møtesalen og innleiaren Siri Helle
Landbrukskonferansen løfta fram aktuelle problemstillingar. Ein av innleiarane var forfattar og agronom Siri Helle. Foto: Bjørn Harald Haugsvær, SFVL.

Årets storsamling for landbrukskontora hadde tema Berekraft i praksis. 120 personar deltok på samlinga der tema vart belyst frå den praktiske bonden som skal drive næring, rådgjevaren, som er opptatt av helse og sikkerheit og den offentlege forvaltninga, som både mobiliserer og betalar ut tilskot.

Publisert 20.09.2023

Samlinga gjekk føre seg 6-7. september og hadde merksemd omkring økonomisk, sosial og miljømessig berekraft i praksis. Forfattar og agronom Siri Helle og generalsekretær i Bonde- og småbrukarlaget Anton Langeland utfordra og la vekt på at vi må velje annleis framover om vi skal nå berekraftsmåla. Auka effektivitet og større volum har ikkje gitt bonden ei rettferdig betaling for tid og eigenkapital samanlikna med andre grupper. Då er det viktig at nokon prøver ut alternativa, og viser at det er mogeleg å drive landbruk på andre måtar, med mindre investeringar og lågare effektivitet.

Det gode livet som bonde

Er bondeyrket helsefremmande? Rådgjevar Kolbjørn Taklo i NLR Vest snakka om helse og og kva som skal til for å leve det gode liv som bonde. Bondelivet er meiningsfylt, men kan også vere eit altoppslukande yrke. God helse for bonden handlar både om fysisk og psykisk velvære. Dei som lever av landbruket ynskjer å leve som andre, med tid til familieliv og å vere ein del av lokalsamfunnet. Då må arbeidsdagen vere så fleksibel at bonden t.d. kan levere borna i barnehage og fylgje dei til trening på ettermiddag. Bjarte Myklebust, frå LivOGLyst Ålfoten følgde opp med innlegg om kva eit levande lokalsamfunn betyr for den sosiale berekrafta og for landbruket i ei bygd.

Det blømer i spora våre når unge har lyst til å drive gard

Konferansen vart avslutta av Bothild Åslaugdotter Nordsletten som er redaktør i fagtidsskriftet Bondevennen. Ho peikar på paradoksa. Vi er eitt av verdas rikaste land, men vi produserer berre 40 % av vår eigen mat, og 1/3 av det som er produsert vert ikkje nytta som mat. Kravet til effektivitet, mykje arbeid og store investeringar gjer at mange ikkje veit om nokon vil ta over garden etter dei. Sjølv i Rogaland seier 20 % av bøndene at dei vil legge ned drifta innan 2030. I denne situasjonen må vi våge å stille nye spørsmål, og finne andre løysingar. Det er opp til oss å definere kva som er utvikling, og kva som er den rette framtida.

Myldring og nettveksbygging

I år sette me av mykje tid til gode pausar i det oppsette programmet. Her fekk deltakarane myldra, ta ein kaffikopp saman og diskutere med kollegaer frå andre kommunar. Mange gav attendemelding på at dette har stor nytteverdi. Her vart mange problemstillingar løfta, og mange reiste heim med gode verktøy til vidare arbeid og fleire gode krefter i fagnettverket sitt.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.