Sider er eit frukteventyr i norsk landbruk

Epler i grønne plaskasser
Hausting av epler Foto: Gardsbrenneriet.

På pressekonferansen i samband med opninga av den årlege internasjonale landbruks- og reiselivsmessa IGW i Berlin vart status og ambisjonar for siderproduksjonen løfta fram.

Publisert 20.01.2023

Endringa av regelverket i 2017 gjorde det mogeleg for fruktbønder å kunne produsere og selje sider direkte frå gardane. I kjølvatn av dette har mange fruktdyrkarar satsa på eigen foredling til most og sider i staden for å levere frukt til konsum.

Produsentane i Hardanger snakkar om ei fem gonger høgare verdiskaping – inntekter som også bidreg til å skjøtte det unike frukthagelandskapet og til ei styrking av sysselsettinga i fruktdistrikta.

Ambisjonane i næringa er store

Etter to eventyrlege salsår har 2022 vore eit år utan vekst. Dette bremser ikkje optimismen til produsentane i siderdistrikta. Bøndene satsar og investerer som aldri før, innoverer og bygger ny kunnskap i lag. Nytt areal vert dyrka opp og stadig nye spennande produkt kjem på marknaden. Til dømes er målet for siderlaget i Hardanger å auke salet frå ca. 600 000 liter i år til 1 million liter i 2025. Vinmonopolet er kanskje den viktigaste salskanalen, men salet direkte frå garden og Horeca-marknaden er aukande. Siderdisktrikta vert etter kvart til kjende destinasjonar som genererer meirsal.

Den beste sideren er framleis ikkje laga

Dei 16 smaksagentane i siderpanelet hjå NIBIO på Lofthus har snart smakt seg gjennom 200 kommersielle og eksperimentelle sidrar. Det er etter kvart eit mangfald av moderne, reine og smakstilsette sidrar. Issideren er kanskje det oppsiktsvekkande ytterpunktet i utviklinga, men det er ikkje sluttpunktet i sidereventyret.

På messa i Berlin presenterer sju produsentar sine sidrar i tillegg til mat- og reiselivsaktørar frå Fjord Noreg. Små tematiske kurs for tyske messebesøkjande vil teste interessa på eit utanlandsk marknad. Sider kan bli eit godt eksportprodukt. Først og fremst er vi her for å fortelje om reisedestinasjonar. Kanskje Hardanger, Møre, Telemark, Sogn eller Ryfylke kan bli like kjent som Toscana, Champagne eller Provence?

Landbruksminister Sandra Borch i dialog om utviklinga i siderproduksjonen
Landbruksminister Sandra Borch er imponert over utviklinga av siderproduksjonen Foto: Annabell Pfluger, SFRO.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar