Tre sortar norske eple til jul

Juleeple.
Juleeple. Foto: Privat.

Ny lagringsteknologi gir oss norske eple til jul. I butikkane kan du no få kjøpt Raud Aroma, Elstar og Rubinstep.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.12.2021

Du har kanskje høyrt besteforeldre fortelje om eple som vart lagra på loftet? Korleis epla varsamt vart plassert på eit laken, og om korleis ein sparte på dei flottaste, raudaste epla slik at akkurat dei skulle prege julehøgtida med sin raude farge og gode smak?

Kanskje har du også fått fortalt at eple kunne pryde juletreet? Norsk Folkemuseum kan opplyse om at eple både hadde ein estetisk verdi som pynt, men også ein praktisk funksjon ved at dei tynga ned greinene slik at talglysa stod beint. Er det på tide å gi juleeplet sin renessanse?

ULO

Frisk frukt er godt som ei avveksling frå ein elles tung julemeny. I følgje SSB vart det i 2020 importert 31 981 tonn klementinar og mandarinar til Noreg. Ei god epleavling i kombinasjon med lagringsdyktige sortar og ny lagringsteknologi, vil i år gi deg høve til å også spise norsk frukt i jula.

Den nye lagringsteknologien blir kalla ULO (Ultra low oxygene). Ved ULO-lagring blir oksygennivået i lagerromma redusert ved at luft blir blåst ut og nitrogen blir tilført. Dette resulterer i at epla blir lagt i dvale, og dermed held seg friske og saftige i meir enn eit halvår etter innhausting.

Ullensvang Fruktlager er eit av fleire fruktlager som har investert i denne nye lagringsteknologien. Vi har tatt ein førjulsprat med styreleiar ved Ullensvang Fruktlager, Harald Alvavoll:

  • Får ein kjøpt eple frå Ullensvang til jul?
    Ullensvang fruktlager er med og utvidar norsk eplesesong med ei satsing på planting av eplesorten Raud Elstar. Me jobbar hardt for å auke lagringsevna til norsk frukt.

  • Du driv sjølv ein gard med lange tradisjonar for epleproduksjon. Har eple vore ein viktig del av juletradisjonane på familiegarden din?
    Ja, det har det. Mot jol var det Gravenstein og Elstar som vart lagra. Råsaft av eple (fryst) var drikke i jolehøgtida.

  • Har du eit favorittjuleeple?
    Må sei Raud Elstar. Den har internasjonal konsistens og norsk smak.

  • Korleis nyt du juleepla på best mogleg måte?
    Til jul skålar me i ein tørr, syrleg sider på Summerred, og ser attende på dei historiske avlingane i Hardanger i 2021.

Med dette ønsker vi deg ei riktig god jul!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.