Korleis kompostere vellukka?

Foto: Rebekka Louise Knotten / Dyrkbart AS.

Deltakarar frå nabolaget på Landås, Kompostringen, Dyrkbart AS og Bybonden har vore på kurs om kompostering, og kan dele kunnskap vidare med andre som ønskjer å bruke mest mogleg av organisk avfall frå heimen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2022

Kurset var ein del av det internasjonale prosjektet, MAREA, der Statsforvaltaren i Vestland er partnar. 

Kurset starta med besøk på Bergen sitt einaste komposteringsanlegg for nabolag på Marineholmen. Framleis går mesteparten av hushaldningsavfall i Bergensregionen usortert i restavfallet, og vert brent av det kommunale renovasjonsselskapet. Mange innbyggarar i Bergen ønskjer å gjere noko med det, sjølv om dei ikkje ha ein eigen hageflekk der eigenprodusert kompost kan brukast.  

Saman med kurshaldar Nat Mead, pensjonert lærer og komposteringsentusiast frå Sogn jord- og hagebruksskule, vart funksjonalitet av anlegget og kvalitet av komposten vurdert. Å få dei rette blandingsforholda er utfordrande. Her er det framleis mykje å lære. 

Teoridelen av kurset vart gjennomført på Lystgården- på Landås. Deltakarane fekk ei grundig innføring i prosessar, tidsintervallar frå avfallshandtering til ferdig jord og føretrekte blandingsmaterialar- og mengder. Føredraget og diskusjonane undervegs gav mange aha-opplevingar for dei frammøtte. Dei fekk mykje ny kunnskap om kompostering.  

Om MAREA

MAREA står for "Multifunctional Agriculture: Rural Education for Action" og speglar målet med prosjektet: Å bidra til berekraftig livsstil gjennom auka kunnskap og deling av erfaringar. Samarbeidslanda er Belgia, Tyskland, Italia, Kroatia og Norge. MAREA rettar seg inn på fire tema: Sosioøkologisk landbruk – alt heng saman med alt, berekraftig reiseliv, bevaring og formidling av tradisjonell kunnskap og tilhøvet mellom by og landbruk.    

Kurset var skreddarsydd for prosjektet, og det passa godt at det vart gjennomført på Lystgården, som er ein registrert «Place of Learning»-lokasjon på online-plattforma «Map of tomorrow».  

Kompostering på Marineholmen 5 - Rebekka Louise Knotten.jpg

Komposteringsprosessar skal forståast. - Rebekka Louise Knotten

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.