Landbrukskonferansen – frå Ukraina til vestlandsbonden

Erfaringsdeling, ny kunnskap og nettverksbygging står sentralt i dei årlege landbrukskonferansane for kommunane i Vestland. I år var temaet Berekraft gjennom tverrfagleg forvaltning.
Den lokale landbruksforvaltninga har ei viktig rolle i arbeidet for å oppretthalde og utvikle norsk matproduksjon, og for å skape gode og berekraftige lokalsamfunn. For å kunna skjøtte desse arbeidsoppgåvene best mogleg krevst det oppdatert kunnskap. Derfor samarbeider Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge om å skape denne gode møteplassen, der både godt fagleg innhald og læring mellom kommunar vert vektlagt. Arrangementet i år var i månadsskiftet frå september til oktober, og vi hadde to innhaldsrike dagar.
Matberedskap i ei uroleg tid
På konferansen fekk vi innblikk i korleis det er å driva landbruk i krigsområde. Bønder i Ukraina driv gardane sine så godt dei kan også i krig. Aslak Sverdrup deltok digitalt frå Ukraina og fortalte konkret om kva risiko bønder er utsett for når dei sår og haustar åkrane sine i krigsområda.
Frå det globale perspektivet gjekk vi til temaet norsk og lokal matberedskap, som i desse urolege tidene er ekstra aktuelt. Vi er avhengig av dagleg import for at butikkane skal ha varer å selje. For å kunne møte ei krise må vi auke sjølvforsyninga vår, ta vare på all den matjorda vi kan og auke kunnskapen om dyrking av mat.
Bonden sin kvardag og nettverket han har rundt seg vart løfta fram i konferansen. Dette nettverket er særleg viktig når ting blir vanskeleg. Det er lurt å ha tenkt gjennom kven som kan ta ansvar for dyra dersom bonden vert akutt sjuk. Her kan naboar, kollega, avløysarlag, fagrådgjevarar og tilsette i kommunen vere viktige.
Slåttemarka er ikkje ein stor plen
Vi fekk også eit godt innblikk i moglegheiter og utfordringar ved turisme i landbruksområde. Vestland har mange turistperler, men det er krevjande når dei besøkande tek seg til rette. Det er ikkje alle som skjønar at slåttemarka er maten til dyra og ikkje ein park der dei kan raste. Vestland fylkeskommune arbeider konkret med korleis vi legge til rette og skjerma område vi vil ha for oss sjølv.
I tillegg til fellesøktene kunne deltakarane delta i ulike sesjonar for faglege oppdateringar og diskusjonar. Mange tema var framme, og vi håpar dei mange deltakarane kom heim med gode idear og auka motivasjon for vidare arbeid.