Endring i mynde i saker om konsesjon til aksjeselskap

Frå 7. juli 2023 har statsforvaltaren fått mynde til å avgjere saker om konsesjon til aksjeselskap etter konsesjonslova. Kommunane skal utgreie saka før ho vert sendt vidare til statsforvaltaren.

Publisert 18.09.2023

Vi har fått ein del spørsmål både om kva innhald det bør vere i ei slik saksutgreiing og om overgangsreglane. Vi har derfor i eit notat lista opp ein del moment som med fordel kan vere med i utgreiinga. Vidare har vi sagt noko om korleis overgangsreglane er å forstå.

Notat: Konsesjon til AS etter konsesjonslova - endra mynde til å ta avgjerd

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.