Eigar har driveplikt på gardsbruk - nytt rundskriv

Alle som eig eit gardsbruk har varig driveplikt. Eigar er ansvarleg for å ha skriftleg avtale om utleige dersom han/ho ikkje driv jorda sjølv. Kommunen kan gje fritak frå driveplikta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.11.2021

Landbruks- og matdepartementet har gitt ut eit nytt rundskriv om reglane i jordlova om driveplikt, omdisponering og deling. Rundskrivet erstattar dei to rundskriva M-2/2017 - Driveplikten etter jordloven og M-1/2013 - Omdisponering og deling.

Reglane for driveplikta har vore innarbeidd i jordlova sidan 2009. Vi finn dei i Kap. IV. Vern av dyrka og dyrkbar mark. Det går fram av § 8 at jordbruksareal skal drivast, og at driveplikta gjeld for heile eigartida. Jamført § 9 i lova skal dyrka jord ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Paragrafane for driveplikt og omdisponering av jordbruksareal heng saman og har felles mål. Å samle utgreiinga av regelverket i eitt rundskriv, gjev eit godt og praktisk verktøy for sakshandsaming og rettleiing.

Driveplikta gjeld for alt jordbruksareal uavhengig av storleiken på arealet. Jordbruksareal er definert som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite (nibio.no).

I Noreg er berre 3% av landarealet jordbrukarereal. Eigarar av jordbruksareal har difor eit viktig forvaltaransvar. Dei har ansvar for å halde jordbruksareala i drift. Eigar må drive sjølv, eller leige ut til andre som kan drive jorda.

Det nye rundskrivet er tydelegare en førre rundskriv på kva som skal til for at driveplikta er oppfylt. Jorda sine produksjonseigenskapar skal takast vare på slik at jordbruksarealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift med mogelegheit for normal avling. Det er ikkje krav til driftsform eller at drifta skal vere optimal, men utgangspunktet er at areala vert hausta årleg. Driveplikta er ikkje oppfylt dersom eigar berre slår arealet med beitepussar. Sjølve føremålet med driveplikta er at matproduksjonen vår skal sikrast ved at jordbruksareala våre er i kontinuerleg drift.

Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Ein føresetnad for at driveplikta kan oppfyllast ved bortleige er at eigar og leigetakar skriv ei avtale på 10 år om gongen, utan høve for eigar til å seie opp avtala. Dersom det går fram av avtalen, kan leigetakar sei opp avtala før tiårs-perioden er ute. Avtala må føre til driftsmessig gode løysingar, vere skriftleg og kopi av avtala skal sendast til kommunen. Det er kommunen sitt ansvar å vurdere om avtala fører til ei driftsmessig god løysing.

Dersom grunneigar ikkje driv sjølv, eller får leigd ut areala sine, må det søkjast om fritak frå driveplikta. Kommunen handsamar søknaden og kan gje fritak for ei viss tid, eller varig fritak. I ei slik avgjerd skal kommunen leggje vekt på:

  • Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • Storleiken på arealet
  • Avkastingsevne
  • Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området
  • Eigar sin livssituasjon

Kommunen har også mynde til å gje pålegg om at jorda skal leigast ut for inn til 10 år. I område der tilhøva ikkje ligg til rette for utleige kan kommune gje pålegg om at areala skal plantast til med skog, eller at det må gjerast andre tiltak som sikrar landskapsomsynet. Ved brot på driveplikta kan det, i følgje § 20 i jordlova, fastsetjast tvangsgebyr.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.