Korleis vert driveplikta handtert i kommunane?
Å følgje opp driveplikta er viktig for å styrke jordvernet. For lite tid til grundig oppfølging og lite erfaring med å vurdere kompliserte saker er nokre av utfordringane i kommunane.
Å følgje opp driveplikta er ein viktig del av strategien vår for styrking av jordvernet.
I desember 2025 svara rundt 80% av kommunane i fylket på ei spørjeundersøking om praktiseringa av regelverket som gjeld driveplikt på jordbruksareal. Føremålet med undersøkinga var å få kunnskap om korleis regelverket vert forvalta, om regelverket vert halde, og korleis det kan gjerast betringar.
Dei fleste kommunane arbeider med oppfølging av driveplikta, men det er stor variasjon i korleis dei gjer det, kor mykje dei gjer og kva erfaring dei har. Kommunane ønskjer meir samarbeid og deling av erfaringar mellom kommunar, og mange ønskjer også meir rettleiing i arbeidet.
Meir systematisk arbeid trengst
Statsforvaltaren har rådd kommunane til eit meir systematisk arbeid, for å få oversikt over eigedomar der areal kan vere ute av drift og kontakte dei som eig areala.
Dette gjeld i hovudsak små og spreidde areal, innmarksbeite og areal med vanskeleg tilkomst, men det gjeld også område der heile gardsbruk er ute av drift. På spørsmål om kva kommunane gjer for å følgje opp dette, svara litt over halvparten av at dei tek direkte kontakt med eigarane.
Ein del kommunar har gitt fritak frå driveplikta dei siste tre åra, berre få har gitt pålegg om utleige av jord. Det er mange omsyn å ta i desse sakene, og kvar kommune behandlar få saker. Nokre saker løyser seg gjennom dialog, men det er behov for ein ekstra innsats for å få meir areal i drift.
Å formidle kontakt mellom dei som har areal, og dei som ynskjer å leige areal, kan vere ein god måte å få meir areal i drift. Svara frå kommunane kan delast i tre om lag like store grupper: Kommunar som gjer lite eller ingenting for å formidle kontakt, dei som formidlar kontakt dersom dei får førespurnad om dette og dei som har etablerte rutinar for dette, eller planlegg å utvikle jordbank-løysingar.
I vurderinga av leigeavtalar vert avstanden mellom eigedomane peika på som eit problem, særleg i område med mykje leigejord. Dei fleste kommunane svarer nei på om dei har fått inn jordleigeavtalar som ikkje kan godkjennast fordi den driftsmessige løysinga er for dårleg.
Komplekse saker krev meir ressursar
Mange av kommunane har ikkje erfaring med bruk av sanksjonar. I desse sakene skal kommunen vurdere om det er eit «vesentleg» brot. Dette er vanskeleg, og det er også komplisert å vurdere om drifta er økonomisk forsvarleg og kor grensa går mellom drift som oppfyller driveplikta og drift som er for ekstensiv.
Oppfølging av drivepliktsaker er arbeidskrevjande, og andre saker vert ofte prioritert. Mangel på ressursar går att i svara.