Inspirasjonssamling for utvalde kulturlandskap i Vestland

Kulturlandskapet i Vestland gror godt og både gardbrukarar og kommunetilsette fekk inspirasjon frå kvarandre på bøane i det Utvalde kulturlandskapet Lærdal. Ny teknologi og gammal kunnskap vart ført saman gjennom besøka og demonstrasjonane i Lærdal den 3. juni. 

Publisert 04.07.2025

Det er 7 utvalde kulturlandskap i Vestland, frå nord til sør i fylket. I tillegg forvaltar vi eit verdsarvområde i Nærøyfjorden, som ein del av UNESCO-statuesn til Vestnorsk Fjordlandskap. Til saman var over 50 forvaltarar og grunneigarar samla til nettverkssamling og erfaringsutveksling.

Vidare deler me bilete frå nokre av høgdepunkta frå samlinga i Lærdal den 3. juni - er du nysgjerrig på programmet finn du det til nedlasting på sida. 

En mann med mikrofon på et beite med mange personer rundt
Johannes Anonby fra Statsforvalteren i Vestland si miljøavdeling har fylgd dei artsrike beitene på Moldebakkane i Lærdal over fleire år. Med entusiasme og kunnskap fekk dei fleste med seg tips til gode skjøtselstiltak for å sikre artsrike beiter og slåtteenger. Foto: Frøydis Linden.
Person med mobil og personer i bakgrunnen. På en grønn mark
Det finst fleire appar som i dag gjer det lettare å bestemme artane ein finn på slåttengar og i naturen. Artsorakelet vart brukt under markvandringa, og mange brukte mobilen flittig for å sjå kva dei fann av blomar og grasartar etter sauene hadde beita på Moldebakkane i vår. Foto: F. Linden.
Mange menneske på ei grasslette med slåttemaskinar i midten
Representantar frå Lauvrud maskin delte erfaringar og demonstrerte slåttemaskinar som vil kunne lette arbeidet i bratte og små slåtteteigar. Noko av utstyret kan også brukast på flatare areal og minske marktrykket, spesielt på teigar der det kan vere lett å få køyreskader. Foto: Ø. Vatshelle.
Video av demonstrasjon av to av slåttemaskinane frå Lauvrud maskin, som held til på Geilo og er sjøl gardbrukarar med sauehald.
Slåttemasking vert testa på ei eng.
Tohjuls slåmaskin med ekstra breie hjul med gummipiggar, gjer at slåtteutstyret ikkje sklir på bratt eller fuktig eng. Svingradiusen på slåtteutstyret er også god. Foto: Ø. Vatshelle.
Landskap med beiter i forgrunnen og fjell i bakgrunnen. Skog
Fleire av steingardane, styvingstrea og utløene er restaurerte i Råshagen, etter at Lærdal vart eit utvald kulturlandskap i Norge i 2018. Foto: Ø. Vatshelle.
To personar med mikrofon
Petter Raa (t.v.) fortel om arbeidet med å opne opp dei gjengrodde beitene i Råshagen med hjelp bevisst bruk av sau og storfe etter rydding av buskar og tre. Foto: Ø. Vatshelle.
To landskap fra ulike tider
Refotografering er et viktig verktøy for å dokumentere og vise utviklinga av arbeidet som vert gjort for å halde kulturlandskapa våre opne. Her ser ein utviklinga i Lærdalsøyri frå 1884 til 2004 på to ulike bilete. Oskar Puschmann vil viste fleire bilete frå Lærdal og Vestland under kveldssetet den 3. juni i Lærdal kulturhus. Foto: Oskar Puschmann / NIBIO.
Mørk skinosal med mennesker og visning av bilder på stor skjerm
Det var nærast fullsett sal som fekk oppleve ein biletkavalkade frå kulturlandskap i Lærdal og Vestland, før og no. Oskar Puschmann frå forskningsinstitusjonen NIBIO i nestan 20 år fotografert endringar i norsk kulturlandskap. Biletene viser landskap som har opna seg der samspelet mellom dyktige bønder og husdyr har vore utfyllande og godt. Også kulturminner har fått ekstra merksemd og vorte redda, noko som skapar tidsdjupne og historier i landskapet. Foto: F.Linden.
tre personar på ei scene med svart bakgrunn
Kvelden i kulturhuset i Lærdal vart avslutta med ein flott konsert med folkemusikarar med tilknytning til Lærdal. Dei hadde vald ut slåttar og songar med inspirasjon frå landskapet i Lærdal eller Noreg. Silje Hegg (t.v) spelte seljefløyte med tradisjonsmusikk frå Telemark, Liv Ulvik song folketonar og Tom Karlsen spelte trekkspel med låtar frå Lærdal og fjellområda rundt. Foto: F.Linden.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.