Digital samling om strategisk kompetanseplanlegging
- Dato:
- 17. november 2026 10:00 - 14:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- KS og Statsforvaltaren
- Målgruppe:
- Kommunalsjefar og andre leiarar innan helse og velferd, HR-leiarar i kommunane og tillitsvalde
KS og Statsforvaltaren inviterer til digitale samlingar om strategisk kompetanseplanlegging. Fjerde samling vil ta for seg erfaringsdeling og vegen vidare.
Strategisk kompetanseplanlegging er sentralt for å sikre berekraftige, framtidsretta og robuste velferdstenester. Samlingane gjev støtte, struktur og praktiske verktøy til kommunane i arbeidet med å utvikle og planleggje kompetanse på ein systematisk måte.
KS har utvikla eit eige verktøy til bruk i dette arbeidet: Verktøy for strategisk kompetanseplanlegging
Samling 4
Denne samlinga legg til rette for refleksjon, erfaringsdeling og råd for implementering og vidareføring av kompetansearbeidet i kommunen.
Fokus:
- Erfaringsdeling
- Vegen vidare
Deltakarane må rekne med noko arbeid i eigen organisasjon mellom samlingane for å få best mogeleg utbytte av deltakinga.
Det vert gjennomført:
- to digitale samlingar våren 2026 (5. mars og 26. mai)
- to digitale samlingar hausten 2026 (8. september og 17. november)
Påmelding gjeld for alle samlingane: Påmelding til digitale samlingar
Det blir ikkje opptak av samlingane.
- Dato:
- 17. november 2026 10:00 - 14:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- KS og Statsforvaltaren
- Målgruppe:
- Kommunalsjefar og andre leiarar innan helse og velferd, HR-leiarar i kommunane og tillitsvalde
Kontaktpersonar
-
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15
Kontaktperson KS
-
Hilde Ystanes
Tlf: 473 31 855