Fagsamling for barnevern og Nav
- Dato:
- 22. september 2026 09:00 - 24. september 2026 15:30
- Stad:
- Clarion Hotel Bergen Airport
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging og Kompetansesenter for rusfeltet
- Målgruppe:
- Leiarar, prosjektleiarar, medarbeidarar og fagutviklarar i Nav og barnevernet, og samarbeidspartnarar til Læringsnettverket
- Påmeldingsfrist:
- 20. august 2026 12:00
Velkommen til fagleg påfyll, gode diskusjonar, nettverksbygging og inspirasjon.
I løpet av tre dagar blir det både ein felles fagdag (23. september) og eigne møte i nettverka for barnevern og Nav (22. september for Nav, og 22. og 24. september for barnevern). Programma vert lagt ut under «Dokument» så snart dei er klare. Du kan melde deg på allereie no, sjå lenkjer nedst.
22. september
Denne dagen skjer det tre ulike ting:
- Eiga fagsamling for Nav, der tema mellom anna blir forvaltningsrett, godkjennars rolle, klagebehandling og omgjering.
- Møte i Barnevernsleiarforum frå klokka 10.00.
- Styringsgruppemøte for barnevernsleiar- og læringsnettverket frå klokka 12.00 (startar med lunsj).
23. september
Dette er dagen er det felles program for barneverns- og sosialområdet.
Tema vert korleis:
- samarbeide kring barn som har rettar etter fleire lovverk i overgangen frå barn til vaksen?
- få til gode overgangar for unge som bur på institusjon eller i fosterheim og skal flytte heim eller på hybel?
- samarbeide om familiar som har hjelp frå Nav og barnevernet samtidig?
24. september
Denne dagen har vi den tradisjonsrike barnevernsleiar- og læringsnettverkssamlinga. På programmet vert det:
- Presentasjonar frå utviklingsprosjekta.
- Innlegg frå kompetansemiljø og Statsforvaltaren.
- Oppdatering på siste nytt i tråd med det som vart lagt fram på årsmøtet.
Det vert ikkje program for Nav denne dagen.
Delta med stand i «stel og del»
Vi gjentek suksessen frå tidlegare år med «stel og del», 23. september. Vi oppfordrar kompetansemiljøa, brukarorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar, Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), kommunesektorens organisasjon (KS) og utviklingsprosjekta på barneverns- og Navfeltet til å ha stand.
Vi set av tid i programmet der deltakarane går rundt for å hente inspirasjon og knytte nye kontaktar.
Praktisk informasjon
Fagsamlinga er gratis for deltakarar i målgruppa. Det er bindande påmelding. Dersom du må melde avbod, er det viktig at du gjev beskjed så snart som råd, slik at andre kan overta plassen.
Reise til og frå, og eventuelle overnattingar før eller etter samlinga, dekkjer kommunane sjølv.
Dersom det vert mange påmelde, vil vi prioritere at alle kommunane får delta. Vi har reservert eit avgrensa tal hotellrom og vil prioritere å dekkje overnatting for dei med lengst reiseveg, og deretter etter datoen de har meldt dykk på.
Ved å melde deg på samlinga samtykker du til at vi kan dele informasjonen din med hotellet og med medarrangørar. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Påmelding
Jobbar du i Nav? Bruk denne lenkja når du melder deg på: Påmeldingsskjema for tilsette i Nav
Jobbar du i barnevernet? Bruk denne lenkja når du melder deg på: Påmeldingsskjema for tilsette i barnevernet
- Dato:
- 22. september 2026 09:00 - 24. september 2026 15:30
- Stad:
- Clarion Hotel Bergen Airport
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging og Kompetansesenter for rusfeltet
- Målgruppe:
- Leiarar, prosjektleiarar, medarbeidarar og fagutviklarar i Nav og barnevernet, og samarbeidspartnarar til Læringsnettverket
- Påmeldingsfrist:
- 20. august 2026 12:00
Kontaktpersonar
-
Cecilie Jantzen
Tlf: 55 57 22 39 -
Linda Kråkenes
Tlf: 55 57 21 75 -
Ann-Magrit Grip
Tlf: 55 57 27 90 -
Bente Cecilie Foss
Tlf: 55 57 22 33