Klimasamling for kommunane

Dato:
8. juni 2026 11:30 - 9. juni 2026 15:00
Stad:
Bergen
Arrangør:
Miljødirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune
Påmeldingsfrist:
4. mai 2026 00:00

Samlinga handlar om korleis vi kan redusere klimagassutslepp, auke produksjonen av fornybar energi og få til meir effektiv og fleksibel energibruk, i tråd med Statlege planretningslinjer for klima og energi.

Publisert 27.02.2026

Bakgrunnen for samlinga er eit aukande press på areala, forventningar om fleire prosjekt innan fornybar energi i kommunane, energikrevjande etableringar og behov for meir fornybar produksjon.

Samstundes er det krevjande å sikre at alle bidreg til utsleppsreduksjonar og ei effektiv utnytting av areala.

Samlinga gir praktisk innføring i korleis kommunane konkret kan følgje opp Statlege planretningslinjer for klima og energi, i tråd med ny rettleiing publisert våren 2026. Vi legg opp til mange døme på korleis oppgåver kan løysast i praksis, og bruk av relevante verktøy.

Arrangørane dekker overnatting for alle, og reiseutgifter på inntil 2000 kroner for dei som har meir enn tre timars reiseveg.

Påmeldingsfristen er 4. mai. 

Les meir om arrangementet og meld dykk på hjå Miljødirektoratet.

Dato:
8. juni 2026 11:30 - 9. juni 2026 15:00
Stad:
Bergen
Arrangør:
Miljødirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune
Påmeldingsfrist:
4. mai 2026 00:00