Læringsnettverk for arbeid med pårørande
- Dato:
- 21. mai 2026 10:00 - 15:00
- Stad:
- Frivilligsentralen i Sogndal
- Arrangør:
- KORUS og Statsforvaltaren
- Målgruppe:
- tilsette i Nav sosialteneste og avdelingar for psykisk helse og rus i kommunane tidlegare Hordaland. Det kan også vere aktuelt for andre som jobbar med psykisk helse og rus, til dømes i barnevernstenesta og helsestasjonar.
Saman med Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS), inviterer vi til eit læringsnettverk for kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane. Her vil vi setje søkjelys på arbeid med pårørande innanfor området psykisk helse og rus.
Nettverket legg opp til auka kompetanse om involvering frå pårørande, dele og drøfte erfaringar og korleis vi kan sikre god praksis der vi nyttar nasjonale retningslinjer som rettesnor.
Vi legg opp til fire fysiske samlingar i året, og det blir arrangert to samlingar for kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane og to samlingar for kommunane i tidlegare Hordaland. Vi stiller krav om aktiv deltaking, og deltakarar vil kunne bli invitert til å bidra med innlegg under samlingane.
Denne våren blir samlingane 12. mai i Bergen (Læringsnettverk for arbeid med pårørande) og 21. mai i Sogndal. På begge samlingane vil tema vere Helsedirektoratet sine elleve råd om medverknad frå brukar og pårørande, og innlegg frå Statsforvaltaren om menneskerettslege vurderingar i pårørandearbeidet.
Du melder deg på samlinga ved å fylle ut skjema på KORUS sin nettstad: Pårørendearbeid: læringsnettverk i Vestland nord | KORUS
- Dato:
- 21. mai 2026 10:00 - 15:00
- Stad:
- Frivilligsentralen i Sogndal
- Arrangør:
- KORUS og Statsforvaltaren
- Målgruppe:
- tilsette i Nav sosialteneste og avdelingar for psykisk helse og rus i kommunane tidlegare Hordaland. Det kan også vere aktuelt for andre som jobbar med psykisk helse og rus, til dømes i barnevernstenesta og helsestasjonar.