Kurs i sakshandsaming for helse- og omsorgstenestene
- Dato:
- 16. april 2026 09:00 - 12:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- sakshandsamarar i helse- og omsorgstenestene i kommunane i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 10. april 2026 23:59
Vi inviterer til digitalt kurs i grunnleggjande sakshandsaming for helse- og omsorgstenestene i kommunane.
Målgruppa er primært sakshandsamarar med lite erfaring, men erfarne sakshandsamarar er òg velkomne til å delta. For å delta på samlinga, må du melde deg på nedst på denne sida.
Kurset gir ei kort innføring i reglane som gjeld ved sakshandsaming og tildeling av kommunale helse- og omsorgstenester.
Program
Tidspunkt |
Tema |
| 09.00 til 09.10 | Velkomen |
| 09.10 til 09.40 | Kartlegging og utgreiing |
| 09.40 til 10.10 | Krav til vedtak og grunngjeving |
| 10.10 til 10.20 | Pause |
| 10.20 til 10.50 | Omsorgssaker |
| 10.50 til 11.20 | Helsetenester |
| 11.20 til 11.30 | Pause |
| 11.30 til 11.50 | Klagebehandling |
| 11.50 til 12.00 | Spørsmål og avslutning |
Send inn spørsmål på førehand
Vi vil gjerne ha inn spørsmål på førehand, slik at vi kan førebu oss på å svare. Du kan sende inn spørsmåla til Isabell Kopperud Botnevik. Send spørsmåla på e-post innan 3. april 2026.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Oppkoplingslenkje til møtet vert sendt seinast dagen før samlinga.
- Dato:
- 16. april 2026 09:00 - 12:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- sakshandsamarar i helse- og omsorgstenestene i kommunane i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 10. april 2026 23:59