Kurs i offentleg helsearbeid for turnusfysioterapeutar
- Dato:
- 15. april 2026 10:00 - 16. april 2026 13:45
- Stad:
- Quality Hotel, Sogndal
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Turnusfysioterapeutar i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 24. mars 2026 23:59
Vi invitera turnusfysioterapeutar til kurs i offentleg helsearbeid. Føremålet er å gje ei innføring i korleis fysioterapeutar jobbar i kommunehelsetenesta og helselovgjevinga.
Publisert 10.03.2026
Alle som har turnus, både i kommune og spesialisthelse våren 2026 kan delta på kurset. For å delta må du melda deg på i skjemaet nedst på sida. Sjå program under «Dokument».
Reise og overnatting
Statsforvaltaren dekker reise. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. De får dekka reiseutgifter etter billegaste reisemåte. Dersom de reiser med eigen bil, la gjerne ein eller fleire kollega sitja på. Refundering av flyreise må de avklara med Statsforvaltaren på førehand.
Kurset startar klokka 10.00 onsdag. Me dekker derfor overnatting kvelden før, for dei som har meir enn tre timar reiseveg. Me dekker ikkje overnatting mellom kursdagane for turnusfysioterapeutar i Sogndal og Luster. Me bookar overnatting for dei som hakar av for det i påmeldingsskjema under. Stadfestinga du får tilsendt på e-post når du har meldt deg på, er også stadfesting på at vi bookar overnatting for deg. Overnatting er på Quality Hotel i Sogndal.
Reiserekninga sender du til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiinga for reiserekning, som du finn under «Dokument».
Personvern
Ved å melda deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at vi kan dela informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer.»
- Dato:
- 15. april 2026 10:00 - 16. april 2026 13:45
- Stad:
- Quality Hotel, Sogndal
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Turnusfysioterapeutar i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 24. mars 2026 23:59