Digital fagdag for barnevernstenestene i Vestland
- Dato:
- 29. april 2026 09:00 - 15:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med styrings- og ressursgruppa for Læringsnettverket
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette i barnevernstenestene i Vestland og alle som er involvert i Læringsnettverkene for kommunal barnevernsteneste
- Påmeldingsfrist:
- 27. april 2026 10:00
Vi inviterer dei som er med i Læringsnettverket for kommunal barnevernsteneste i Vestland, og tilsette i barnevernstenestene til ein digital dag med inspirasjon og fagleg påfyll.
Publisert 11.03.2026, Oppdatert 11.03.2026
Tema for dagen vert mellom anna
- siste nytt om lovendringar og statlege føringar
- framlegg frå nokre av dei akutelle utviklingsprosjekta
- informasjon om kommande opplæringar i regi av Gullprosjektet
- og siste nytt frå fleire av samarbeidspartnarane våre
Styringsgruppa har teke med seg innspela som kom på årsmøtet i planlegging av programmet. Program kjem snart, de kan melde dykk på allereie no.
Praktisk informasjon
Det er gratis å delta. Lenkje til Teams-møtet vert sendt ut 28. april.
Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse vert synleg i ein Outlook-invitasjon, i Teams-møtet og kan delast med medarrangørar.
Les meir om personvern under "Lenkjer.
- Dato:
- 29. april 2026 09:00 - 15:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med styrings- og ressursgruppa for Læringsnettverket
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette i barnevernstenestene i Vestland og alle som er involvert i Læringsnettverkene for kommunal barnevernsteneste
- Påmeldingsfrist:
- 27. april 2026 10:00