Webinar om fysiske tiltak i vassdrag
- Dato:
- 26. mars 2026 09:00 - 10:30
- Stad:
- Digitalt - Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltar i Vestland, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Vestland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Kommunalt tilsette, grunneigarar, entreprenørar og andre som ønskjer meir informasjon om temaet
Statsforvaltaren, Vestland fylkeskommune og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ønskjer velkomen til webinar om fysiske tiltak i vassdrag.
På webinaret vil sakshandsamarar frå Statsforvaltaren, NVE og fylkeskommunen gje ei innføring i relevante lovverk og myndigheiter, retningsliner for kva tiltak som er søknadspliktige og presentere døme på ulike tiltak. I tillegg vil vi gjennomgå søknadsprosessen og vise eit konkret døme på korleis ein søker om løyve og kva søknaden må innehalde av informasjon for effektiv handsaming.
Det er inga påmelding for å delta. Klikk her for å delta på webinaret.
Program
09:00 - Statsforvaltaren om forskrift om fysiske tiltak og kva som er søknadspliktige tiltak etter forskrifta.
09:20 - Spørsmål
09.30 - NVE om deira rolle ved tiltak i vassdrag
09:50 - Spørsmål
10:00 - Fylkeskommunen om søknadsprosessen og innhald i søknaden
10:20 - Spørsmål
- Dato:
- 26. mars 2026 09:00 - 10:30
- Stad:
- Digitalt - Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltar i Vestland, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Vestland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Kommunalt tilsette, grunneigarar, entreprenørar og andre som ønskjer meir informasjon om temaet