Kampen om arbeidskrafta – partssamarbeid på arbeidsplassen
- Dato:
- 11. mars 2026 11:30 - 12. mars 2026 13:30
- Stad:
- Clarion Hotel Bergen Airport, Bergen
- Arrangør:
- Arrangørgruppe region Vestland
- Målgruppe:
- Leiarar/arbeidsgivarrepresentantar, verneombod og tillitsvalde i statlege verksemder i Vestland fylke
- Påmeldingsfrist:
- 31. januar 2026 00:00
Godt samarbeid mellom partane sentralt og lokalt er så viktig at det er sett av midlar i hovudtariffavtalane for felles opplæring. I Vestland går midlane til ein felles samarbeidskonferanse for statlege verksemder.
Målgruppe, kostnader og påmelding
- Målgruppa for konferansen er leiarar/arbeidsgivarrepresentantar, verneombod og tillitsvalde i statlege verksemder i Vestland fylke.
- Konferansen er gratis, og deltakarar får dekka måltid og overnatting på konferansehotellet.
- Det blir ikkje gitt kostgodtgjersle, og verksemdene må sjølve dekke reisekostnader.
- Fleire partar frå same verksemd må vere representerte.
- I utgangspunktet er det ikkje avgrensa tal påmelde per verksemd, men vi tek atterhald om at talet påmelde frå kvar verksemd kan bli justert dersom påmeldinga er større enn kapasiteten på hotellet.
Smakebitar frå programmet (ikkje utfyllande liste)
Konferansier Halvor Haukerud (Motarbeider) vil lose oss gjennom konferansen. Tittelen «Kampen om arbeidskrafta» peikar på at arbeidsgivarstrategien i staten handlar om å behalde, utvikle og rekruttere. Stikkord er kompetanse, livsfasepolitikk og inkludering. I tillegg til dyktige føredragshaldarar får vi panelsamtale mellom den nye personaldirektøren Bente Johanne Kraugerud og hovudsamanslutningane i staten. Sjå heile programmet under dokument.
Medlemmar i arrangørgruppa
Anne-Kjersti Stavø Stenehjem, Statsforvaltaren i Vestland
Randi Bruheim, Statsforvaltaren i Vestland
Siv-Karin Hestad, Lotteri - og stiftelsestilsynet
Agathe Osland Hellesen, NAV/ YS
Nina Roskinn Harkestad, Høgskulen på Vestlandet/ Akademikerne
Helene Pedersen, Havforskningsinstituttet/LO-stat
- Dato:
- 11. mars 2026 11:30 - 12. mars 2026 13:30
- Stad:
- Clarion Hotel Bergen Airport, Bergen
- Arrangør:
- Arrangørgruppe region Vestland
- Målgruppe:
- Leiarar/arbeidsgivarrepresentantar, verneombod og tillitsvalde i statlege verksemder i Vestland fylke
- Påmeldingsfrist:
- 31. januar 2026 00:00
Kontaktpersonar
-
Randi Bruheim
Tlf: 57 64 30 21