Dialog Skog 1/26 – Skogforsikringar i Skogbrand

Dato:
3. mars 2026 09:00 - 10:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Skogansvarlege i kommunane, skognæringa
Vindfall etter stormen Amy i Jølster 2025 Foto: Torgrim Østgård / Statsforvaltaren i Vestland.

Tema for webinaret er skogforsikring. I dag er dette eit tilbod til skogeigarar frå eit selskap som heiter Skogbrand. Dei vil fortelje om verksemda si, og med stormen Amy friskt i minne, vil det vere merksemd om stormforsikring.

Publisert 04.02.2026

I Vestland er berre 8 % av det produktive skogarealet forsikra mot storm, på andre sida av fjella ligg det på 50 %.

Det vil vere nyttig for kommunane å kunne det grunnleggande om forsikring, i sitt møte med skogeigarar. Med finansiering over skogfond er skogforsikring særs gunstig. Det er eit mål å få auke dette, spesielt for dei med store tømmerressursar.

Lenke til webinaret vert sendt ut til alle påmelde like før arrangementet.

Det er gratis å delta, men du må registrere deg i forkant. Det vert sett av tid til å svare på spørsmål frå deltakarane.

Påmelding her.

Dato:
3. mars 2026 09:00 - 10:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Skogansvarlege i kommunane, skognæringa

Kontaktpersonar