Regelverkssamling – Statsforvaltaren sine tilsynstema på barnehageområdet 2026

Dato:
7. januar 2026 09:30 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland v/Per Sindre Thoresen Aaland
Målgruppe:
Barnehagemynde

Vi inviterer til regelverkssamling torsdag 7. januar 2026. På samlinga går vi gjennom dei lovkrava vi på barnehageområdet skal føre tilsyn med i 2026, og klargjer kva som blir viktig å vere merksam på.  

Publisert 01.12.2025

Basert på våre risikovurderingar ser vi behov for å føre tilsyn med korleis barnehagemyndigheita oppfyller ansvaret sitt for å sjå til at barnehagane følgjer regelverket, jf. barnehagelova § 10. Tilsynet vil vere avgrensa til å undersøkje korleis barnehagemyndigheita arbeider med å sikre at barnehagane etterlever krava til grunnbemanning, jf. barnehagelova § 26.

Dette inneber å sjå nærare på om barnehagemyndigheita:

  • har oversikt over barnehageeigarane sine plikter etter barnehagelova
  • har tilstrekkeleg kunnskap om korleis alle barnehageeigarane oppfyller pliktene sine
  • nyttar denne kunnskapen til å gjere risikovurderingar for behovet for rettleiing og tilsyn
  • baserer risikovurderingane på oppdatert og gjeldande forståing av barnehagelova
  • gjennomfører rettleiing og tilsyn i tråd med risikovurderingane

I tillegg har Utdanningsdirektoratet fastsett at barnehagemyndigheita si handtering av dispensasjonssøknadar for pedagogisk leiar, jf. forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 3, første ledd, skal vere felles nasjonalt tilsynstema. Det betyr at alle statsforvaltarembeta skal føre tilsyn med dette tema.

Her vil vi undersøkje om barnehagemyndigheita:

  • opplyser saka tilstrekkeleg før vurdering av dispensasjonssøknad
  • vurderer om stillinga har vore offentleg utlyst, og at det ikkje har meldt seg kvalifiserte søkjarar
  • vurderer dei reelle kvalifikasjonane til den det blir søkt dispensasjon for
  • fattar vedtak som viser kva barnehage det gjeld, kven dispensasjonen gjeld for, og kva stilling det dreier seg om
  • berre fattar vedtak med varigheit på inntil eitt år om gongen
  • stiller rimelege og relevante vilkår dersom vilkår blir sett

På samlinga vil vi klargjere desse krava og svare på spørsmål eventuelle spørsmål.

Meld deg på ved å bruke lenka til høgre.

Dato:
7. januar 2026 09:30 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland v/Per Sindre Thoresen Aaland
Målgruppe:
Barnehagemynde

Lenkjer