Fagsamling for Nav
- Dato:
- 18. desember 2025 08:30 - 15:00
- Stad:
- Grand Hotel Terminus, Bergen sentrum
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som arbeider med sosiale tenester
- Påmeldingsfrist:
- 27. november 2025 12:00
Tema er teieplikt internt i Nav og i Navs samarbeid med andre.
Julia Köhler-Olsen, som er professor i rettsvitskap, vil gå gjennom reglane om teieplikt og unntak frå teieplikt.
Karin Gustavsen, som er samfunnsvitar og førstelektor, vil fortelje om korleis vi kan få (hjerne)helsefremjande praksis i Nav gjennom kunnskapsskaping på tvers.
Sjå programmet for samlinga under «Dokument».
Send oss gjerne døme på problemstillingar frå din arbeidskvardag som gjeld teieplikt. Fristen for dette er 27. november. Du nyttar skjema du finn under «Lenkjer».
Praktisk informasjon og påmelding
Det er gratis å delta. Du melder deg på via skjema under «Lenkjer».
Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 17. – 18. desember for dei deltakarane som har lang reiseveg til Bergen; tre timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Grand Hotel Terminus.
Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar, vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta. Vi ønskjer at du avklarar med din leiar om du kan delta, innan du melder deg på. Vi sender deg e-post ei stund etter påmeldingsfristen er ute med informasjon om du har fått plass på samlinga eller ikkje.
Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen; 27. november klokka 12.00. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Cecilie Jantzen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar».
Ved å melde deg på samtykker du til at vi kan dele namn, arbeidsstad og kontaktinformasjon med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Vi dekker ikkje reiseutgifter.
- Dato:
- 18. desember 2025 08:30 - 15:00
- Stad:
- Grand Hotel Terminus, Bergen sentrum
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som arbeider med sosiale tenester
- Påmeldingsfrist:
- 27. november 2025 12:00
Kontaktpersonar
-
Linda Kråkenes
Tlf: 55 57 21 75 -
Cecilie Jantzen
Tlf: 55 57 22 39