Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
4. september 2025 08:45 - 15:30
Stad:
Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
3. juli 2025 12:45

Tema er korleis Nav kan lage gode program som verkar for den enkelte deltakar. Vi får også høyre om praksiserfaringar med heilskapleg karriererettleiing.

Publisert 16.06.2025, Oppdatert 03.07.2025

Nettverkssamlingane er ein fagleg møteplass og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet.

Vi legg til rette for gruppearbeid og erfaringsutveksling. 

Praktisk informasjon og påmelding

Det er ikkje lenger ledige plassar på samlinga og vi har difor stengt for påmelding. Send e-post til Cecilie Jantzen viss du ønskjer å stå på venteliste. Ho tek kontakt med deg viss vi får ledige plassar. 

Dersom du har meldt deg på, men likevel ikkje kan delta, ber vi deg melde frå på e-post til Cecilie Jantzen.

Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar». Du får opp e-postadresse når du trykker på namnet. 

 

Dato:
4. september 2025 08:45 - 15:30
Stad:
Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
3. juli 2025 12:45