Skogsamling i Vestland 2024

Dato:
14. mai 2024 10:00 - 15. mai 2024 15:00
Stad:
Lofthus i Ullensvang
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunane i Vestland, næringa, organisasjonar, forsking med interesse for skog og skogbruk
Påmeldingsfrist:
12. april 2024 19:00
Når skal den hoggast? Foto: Torleiv Skage, SFVL

Statsforvaltaren i Vestland inviterer, tradisjonen tru, til samling for skogansvarlege i kommunane, representantar frå skognæringa, organisasjonar og forskingsmiljø.

Publisert 13.03.2024, Oppdatert 13.03.2024

Sjølv om skogen er seintveksande må vi ikkje kvile. Skogforvaltinga er no i ei tid der vi haustar resultata av skogreisinga. Vi må snakke om aktuelle utfordringar, mellom anna for tidleg hogst, manglande forynging, vernskog, veg og taubane – alt innan ei berekraftig arealforvaltning. Vi har eit auka fokus på dei mange samfunnsfunksjonane vi må vurdere opp mot kvarandre i den offentlege kvardagen.

Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, KS og Skogkurs tek del i samlinga. Sjå programmet her eller i høgremargen. --->

Kostnader for overnatting inkludert middag og 2 x lunsj på kr 3500 må deltakarane dekke sjølv.  

Obs! Hugs klede som er eigna til utferd i skogen på dag to. 

Vi ber om påmelding innan 12.april på deltager.no.

Velkomen til skogsamlinga i Lofthus!

Ved å melde deg på denne samlinga kan namn og kontaktinformasjon bli delt med Hotel Ullensvang. Les meir om personvern og nettryggleik her. 

Dato:
14. mai 2024 10:00 - 15. mai 2024 15:00
Stad:
Lofthus i Ullensvang
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunane i Vestland, næringa, organisasjonar, forsking med interesse for skog og skogbruk
Påmeldingsfrist:
12. april 2024 19:00