Frå frø til plante – frøforsyning til eit aktivt skogbruk på Vestlandet

Dato:
24. april 2024 09:00 - 10:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt ope for eksterne deltakarar også.
Foredla planteproduksjon av gran til bruk på Vestlandet, bilde frå Norgesplanter AS på Hokksund. Foto: Torgrim Østgård

Statsforvalteren i Vestland har invitert Skogfrøverket v/ Øyvind M. Edvardsen & Jan Ole Skage til eit webinar for kommunane med tema frøforsyning for skogbruket på Vestlandet.

Publisert 14.03.2024

Har du lyst til å få eit innblikk i korleis skogbruket jobbar med å sikre ny skog av god kvalitet? Skogfrøverket har sitt hovudkontor på Hamar, men jobber nasjonalt med å sikre ei god frøforsyning til eit aktivt skogbruk i heile landet. Overordna vil dette webinaret gje eit innblikk i Skogfrøverkets rolle, foredling av frø, frøplantasjar og proveniensar. Det vil spissast inn mot det vestlandske skogbruket og moglegheitene vi har for dei ulike treslaga som skogbrukarar kan drive skogbruk med i vår geografi.

Lenke til webinaret vert sendt ut til alle påmeldte like før arrangementet.

Det er gratis å delta, men du må registrere deg i forkant. Det vert sett av tid til å svare på spørsmål frå deltakarane. Spørsmål sendast inn via chat og vert svart på direkte av innleiarane eller av chatansvarleg. 

PÅmelding:  https://www.deltager.no/statsforvalteren/event/dialogskog

Dato:
24. april 2024 09:00 - 10:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt ope for eksterne deltakarar også.

Lenkjer