Webinar om den bustadsosiale lova II

Dato:
5. mars 2024 13:00 - 15:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunar som er involvert i bustadsosial arbeid, og dei som utarbeider planer for kommunen.
Påmeldingsfrist:
4. mars 2024 23:59

Kommunane har plikt til å gje individuell tilpassa bistand til dei vanskelegstilte på bustadmarknaden, men kva vil det innebere og korleis er dette organisert i kommunane?

Publisert 31.01.2024

5. mars inviterer Statsforvaltaren til det andre webinaret som omhandlar den bustadsosiale lova som trådte i kraft 1. juli 2023. Føremålet med lova er å få eit tydelegare og meir samla regelverk, og tydeleggjere kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.

Statsforvaltaren i Vestland inviterer denne våren til fleire samlingar om denne lova.

I webinaret vil §6. Plikt til å gi individuelt tilpasset bistand til vanskeligstilte på boligmarkedet og §7. Saksbehandling og klage (Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet - Lovdata) vera hovudtema.

Webinaret er særleg aktuelt for leiarar og fagpersonar som organiserar, planlegg og legg til rette for kommunen sitt ansvar på det bustadsosiale feltet. Samlinga er på Teams, og gratis å delta på.

Program:

  • Velkommen og introduksjon ved Sverre Høynes, fagdirektør hjå Statsforvaltaren i Vestland
  • Bustadsosialt arbeid ved Linda Nordgreen, seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Vestland
  • Plikt til å gi individuelt tilpassa bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden ved Malin Roseanne Espejo og Elisabeth Lund-Iversen, seniorrådgjevarar hjå Statsforvaltaren i Vestland
  • Rutinar og retningslinjer knytt til saker etter §6 ved Terje Lindtveit, bustadsosial koordinator i Elverum kommune
  • Rutinar og retningslinjer knytt til saker etter §6 ved Gry Aase Alnes, einingsleiar tildelingseininga i Sunnfjord kommune
  • Etter presentasjonene legger vi opp til samtaler i grupper rundt temaet

Vi oppmodar kommunar til brei deltaking, slik at de i etterkant av webinaret kan få gode, faglege diskusjonar om bustadsosiale omsyn og planlegging.

Det vert ikkje gjort opptak av webinaret.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Påmelding

Dato:
5. mars 2024 13:00 - 15:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunar som er involvert i bustadsosial arbeid, og dei som utarbeider planer for kommunen.
Påmeldingsfrist:
4. mars 2024 23:59

Kontaktpersonar