Kurs i akuttmedisin for LIS1 Nordhordland legevakt

Dato:
18. mars 2024 10:00 - 19. mars 2024 16:00
Stad:
Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
Arrangør:
Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i Hordaland + Gulen kommune
Påmeldingsfrist:
3. mars 2024 23:59

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i mars 2024 og er ei blanding av teori og praksis.

Publisert 07.02.2024

Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs. Hugs å ta med kursbeviset ved oppmøte.

Dersom du har spørsmål om kurset, ta kontakt med fagansvarleg ved Nordhordland legevakt Ann-Christin Sagstad på e-post.

Reiseutgifter og overnatting

Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og reiseutgifter. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle.

Statsforvaltaren dekkar overnatting mellom kursdagane, inntil 1 800 kroner, for dei med meir enn ein time reisetid (gjeld ikkje for LIS1 i Bergen, Øygarden, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Masfjorden, Austrheim og Vaksdal). Om du har rett på å få dekka overnatting, må du sjølv legga ut for overnattinga og skriva det på reiserekninga. Dekking av overnatting dagen før kursstart må avklarast med Statsforvaltaren.  

Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning.

Ved å melda deg på denne samlinga, samtykker du til at namn og kontaktinformasjon blir delt med hotellet. Les meir om personvern under "Lenkjer"

Dato:
18. mars 2024 10:00 - 19. mars 2024 16:00
Stad:
Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
Arrangør:
Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i Hordaland + Gulen kommune
Påmeldingsfrist:
3. mars 2024 23:59

Kontaktperson Nordhordland legevakt