Pressekonferanse om tilsyn med Helse Sør-Øst, Indre Østfold kommune og Stiftelsen Fossumkollektivet

Dato:
21. februar 2024 11:30 - 13:00
Stad:
Oslo Kongressenter Folkets Hus, Youngs gate 21, 0181 Oslo
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Påmeldingsfrist:
19. februar 2024 14:00

Statsforvaltaren i Vestland held pressekonferanse om avgjerda i tilsynssaka om tvillingane Mina og Mille. Dei mista livet medan dei fekk tenester frå barnevernet og helsetenestene. Pressekonferansen skal vere i Oslo Kongressenter onsdag 21. februar kl. 12.00.

Publisert 15.02.2024

Vi er settestatsforvaltar i saka, og vil legge fram vår oppsummering og konklusjon frå tilsynet. Frå Statsforvaltaren i Vestland deltek:

  • Liv Signe Navarsete, statsforvaltar
  • Sjur Lehmann, fylkeslege og avdelingsdirektør helse, sosial og barnevern
  • Øystein Breirem Jacobsen, seksjonsleiar barnevern og sosial

Pressekonferansen startar klokka 12.00. Dørene opnar 11.30 og oppmøte er seinast 11.50. Det blir ein pause etter pressekonferansen, og vi vil vere tilgjengelege for intervju frå 13.15. Om du vil delta på pressekonferansen, ber vi om at du melder deg på via påmeldingsskjemaet under. Vi ber om at presse som ønskjer intervju, melder dette i påmeldingsskjemaet.

Vi har avgrensa tal plassar. Dersom pressekonferansen blir full, må vi prioritere mellom dei påmelde.

Presse må hugse gyldig pressekort og ID.

Vi anbefaler å bruke kollektivtransport til Oslo Kongressenter.

Lenke til personvernerklæring.

Dato:
21. februar 2024 11:30 - 13:00
Stad:
Oslo Kongressenter Folkets Hus, Youngs gate 21, 0181 Oslo
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Påmeldingsfrist:
19. februar 2024 14:00