Velkommen til planveka 2024!

Dato:
6. februar 2024 09:30 - 8. februar 2024 11:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Politikarar og fagfolk i kommunane, konsulentar og andre interesserte
Påmeldingsfrist:
2. februar 2024 14:30

Vi inviterer kommunane og andre interesserte i Vestland til eit digitalt webinar om arealplanlegging og praktisk forvaltning. Hald av dagane!

Publisert 16.01.2024, Oppdatert 16.01.2024

Planveka 2024 blir arrangert tysdag 06. til torsdag 08. februar. Vi legg opp til tre korte økter.

Programmet byr på fagleg påfyll av ulikt slag, basert på innspel vi fekk frå kommunane tidlegare i haust. Vi håpar du finn programmet relvant for arbeidsdagen din.

Det førebelse programmet ligg tilgjengeleg i høgrefana i denne nettartikkelen. Vi tek attterhald om mindre endringar i programmet.

Det overordna temaet for planveka 2024 er: Korleis få betre og raskare planprosessar? Dyktige fagfolk frå mellom anna Kommunal- og distrikstdepartementet, Statsforvaltaren i Vestland og ulike kommunar med fleire deler kunnskap og erfaring med oss.

Delta ved å trykke på lenkjene under

Vi har lagt alle møtelenkjene her, så viss du ikkje har meldt deg på enno, så kan du framleis delta ved å trykke på den aktuelle lenkja på den aktuelle dagen!

Vi sender ikkje ut kalenderinnkalling (grunna GPPR), men du koplar deg på den enkelte dagen via deltakarlenkja under. Delta på dei dagane du vil. Vi opnar lobbyen til webinaret to-tre minutt før start og startar presis.

Deltakarlenker (klikk på dagens tittel for å komme inn i webinaret):

Tysdag 6. februar kl. 09:30 - 11:00: Planprosess - kor stoppar det opp?

Onsdag 7. februar kl. 09:30 - 11:00: Gamle planar og nye signal

Torsdag 8. februar kl. 09:30 - 11:00: Samarbeid

Praktisk informasjon

Webinaret vert teke opp, og opptaket vil ligge på våre heimesider i 14 dagar etter arrangementets slutt. Deretter blir opptaket fjerna. Presentasjonen frå den enkelte foredragshaldar i pdf-format vil bli liggjande tilgjengeleg i lang tid. Det vil vere mogleg å stille spørsmål under arrangementet via Q&A-funksjonen, og vi har avsett tid til spørsmål vi vil løfte fram i plenum.

Dag 1: Planprosess- kor stoppar det opp?

Her er videoopptak frå dag 1 av webinaret, det er tilgjengeleg i 14 dagar til og med 21. februar 2024. 

Under ligg oversikt over innleiarane og lenkje til pdf av foredraget til den enkelte. Disse blir også liggjande i 14 dagar fram til og med 21. februar 2024.

Liv Signe Navarsete Statsforvaltaren i Vestland Velkomen!
Nils Erling Yndesdal Statsforvaltaren i Vestland Kvifor blandar Statsforvaltaren seg i planane til kommunen?
Odd Harry Strømsli Sunnfjord kommune Blikk frå ein kommune
Vibeke Frøyseth Harris Advokatfirma AS

Tidlegfase, dialog og rolleforståing

Nicolas J. I. Rodriguez & Sarah K. Skouen Statsforvaltaren i Vestland

Kva ligg fremst i pannebrasken hjå Statsforvaltaren når planen kjem på bordet?

Egil Hauge Statsforvaltaren i Vestland

Avslutning

Dag 2: Gamle planar og nye signal

Her er videoopptak frå dag 2 av webinaret, det er tilgjengeleg i 14 dagar til og med 21. februar 2024. 

Under ligg oversikt over innleiarane og lenkje til pdf av foredraget til den enkelte. Disse blir også liggjande i 14 dagar fram til og med 21. februar 2024.

Egil Hauge Statsforvaltaren i Vestland Velkomen!
Ingunn Holøymoen Røros kommune Praktisk erfaring frå kommunar
Connie Hovland Fjaler kommune Praktisk erfaring frå kommunar
Svein Kornerud Statsforvaltaren i Vestland

Areal- og planrevisjon

Eline Orheim Statsforvaltaren i Vestland

Planvask + natur = sant?

Egil Hauge Statsforvaltaren i Vestland

Avslutning

 

Dag 3: Samarbeid

Her er videoopptak frå dag 3 av webinaret, det er tilgjengeleg i 14 dagar til og med 21. februar 2024. 

Under ligg oversikt over innleiarane og lenkje til pdf av foredraget til den enkelte. Disse blir også liggjande i 14 dagar fram til og med 21. februar 2024.

Egil Hauge Statsforvaltaren i Vestland Velkomen!
Egil Hauge Statsforvaltaren i Vestland Dialogmøte og samordningsfunksjonen
Tone Stavland Bømlo kommune Korleis opplever kommunar dialogmøte og samordningsfunksjonen?
Gry Otnheim Stad kommune

Korleis opplever kommunar dialogmøte og samordningsfunksjonen?

Eva Katrine Taule Vestland fylkeskommune

Fylkeskommunen som medspelar i planprosessar

Mari Johansen Aune Distriktsenteret

Korleis styrke plankultur gjennom betre samarbeid?

Egil Hauge Statsforvaltaren i Vestland

Avslutning

 

 

 

 

 

 

 

Dato:
6. februar 2024 09:30 - 8. februar 2024 11:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Politikarar og fagfolk i kommunane, konsulentar og andre interesserte
Påmeldingsfrist:
2. februar 2024 14:30