Fagdag for nye folkevalde - Bergen

Dato:
13. februar 2024 10:00 - 15:00
Stad:
Hotel Scandic Ørnen, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Folkevalde
Påmeldingsfrist:
22. januar 2024 12:00

Statsforvaltaren har gjennom sine roller og mange oppgåver, ein omfattande kontakt med kommunane. Vi ønskjer å gi nye lokalpolitikarar informasjon om dette samspelet, for dei ulike fagområda.

Publisert 04.01.2024

Tema for dagen vil bli ein gjennomgang av Statsforvaltaren sine roller og oppgåver, i tillegg til ein meir overordna gjennomgang av dei ulike fagområda som vi har ansvar for og følgjer opp kommunane på. Dei ulike temaa er alle viktige for det kommunale handlingsrommet og den kommunale styringa, og for forholdet mellom stat og kommune.

Om det er andre folkevalde og også administrativt tilsette som ønskjer å delta, er det opning for dette så lenge det er plass.

Vedlagt finn de brev som er sendt til kommunen og program for dagen.

Fristen for påmelding er no ute, men om du ønskjer å delta så ta kontakt med oss!

Dato:
13. februar 2024 10:00 - 15:00
Stad:
Hotel Scandic Ørnen, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Folkevalde
Påmeldingsfrist:
22. januar 2024 12:00