Informasjonsmøte for media

Dato:
11. desember 2023 09:00 - 10:30
Stad:
Motorhallen, Solheimsgaten 13
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Journalistar og andre som jobbar i aviser og andre medium
Påmeldingsfrist:
7. desember 2023 23:59

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga inviterer journalistar og andre som jobbar i media til møte om innsyn, mediekontakt og god forvaltningsskikk. Det blir eit fysisk møte i våre nye lokale i Solheimsviken måndag 11. desember.

Publisert 16.11.2023

På møtet vil vi gje informasjon om

  • organisering, mediekontakt og informasjon, ved Solveig Mork Holmøyvik, kommunikasjonsrådgjevar, organisasjon og strategi
  • innsyn og vurdering av innsynskrav, ved Bjarte Helland Fosse, rådgjevar, organisasjon og strategi
  • samfunnsoppdraget vårt og god forvaltningsskikk, ved Sjur Lehmann, fylkeslege og avdelingsdirektør helse, sosial og barnevern

Dette er eit generelt informasjonsmøte, og vi kjem ikkje til å ta opp enkeltsaker. For å delta på møtet, så må du melde deg på via skjemaet nedst på denne sida. Det er eit avgrensa tal plassar.

Vi inviterer også til eit digitalt møte onsdag 13. desember, med same innhald, for dei som ikkje har moglegheit til å delta fysisk. Meir informasjon og påmelding til digitalt informasjonsmøte finn du i denne lenkja.

Dato:
11. desember 2023 09:00 - 10:30
Stad:
Motorhallen, Solheimsgaten 13
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Journalistar og andre som jobbar i aviser og andre medium
Påmeldingsfrist:
7. desember 2023 23:59