Webinar om likestillingsarbeid i kommunane

Dato:
23. november 2023 09:00 - 10:45
Stad:
Teams - påmelde deltakarar får tilsendt lenkje
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med fleire likestillingssenter
Målgruppe:
kommunedirektørar/rådmenn, andre leiarar i kommunane og ordførarar i Vestland
Påmeldingsfrist:
20. november 2023 23:59

Korleis kan kommunane jobbe betre for å gi gode tenester til alle, og tiltrekke seg god arbeidskraft? Kan systematisk arbeid med likestilling bidra til eit betre omdøme, betre tilpassa tenester og ein likestilt og god arbeidsgjevar?

Publisert 18.09.2023, Oppdatert 15.11.2023

Likestilling handlar om moglegheita til å vere eit heilt menneske, og bli møtt for den vi er og ikkje ut frå kva synlege eller usynlege annleisskapar vi kan ha med oss. Vi har alle ein alder, ein funksjonsvariasjon, ein etnisitet, ein seksualitet og eit kjønn, og vi har alle ulike fordommar mot andre.

For å mogleggjere forbetringspotensial og gevinstar de kan få av eit systematisk likestillingsarbeid i kommunen din, samarbeider vi om dette inspirasjonswebinaret. På det digitale møtet får du høyre leiarar i tre ulike kommunar og ein fylkeskommune, som deler sine erfaringar med systematisk likestillingsarbeid, og gir tips til korleis du kan arbeide godt med likestilling i kommunen din. Vi vil også løfte konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) i eit likestillingsperspektiv, på webinaret.

Program

Innhald i webinaret er:

  • Velkommen og introduksjon ved Liv Signe Navarsete, statsforvaltaren i Vestland
  • CRPD i eit likestillingsperspektiv, ved Elisabeth Larsen, seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren i Vestland
  • Korleis komme i gang med likestillingsarbeid
  • Likestilte tenester
  • Likestilt arbeidsgjevar
  • Tips og råd
  • Gevinstar

Vi får erfaringar frå følgjande personar:

  • Rose-Marie Christiansen, rådmann i Porsgrunn
  • Linda Duffy, avdelingsleder for Utvikling og tverrfaglig samordning i Viken fylkeskommune
  • Merethe Wie Sandbakk, næringssjef og tidlegare mangfoldskoordinator i Bodø
  • Fleire representantar frå Kvinesdal kommune

Webinaret er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland og følgjande likestillingssenter:

Ved å melde deg på denne samlingen, samtykker du samtidig til at e-post og namn blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
23. november 2023 09:00 - 10:45
Stad:
Teams - påmelde deltakarar får tilsendt lenkje
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med fleire likestillingssenter
Målgruppe:
kommunedirektørar/rådmenn, andre leiarar i kommunane og ordførarar i Vestland
Påmeldingsfrist:
20. november 2023 23:59