Kommunane møter staten i Flåm

Dato:
29. november 2023 12:00 - 30. november 2023 13:45
Stad:
Fretheim Hotel, Flåm
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Ordførarar, kommunedirektørar, leiarar i fylkeskommunen, KS og statlege etatar
Påmeldingsfrist:
16. oktober 2023 12:00

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Vestland, fylkeskommunen, regionråda, KS og andre statlege etatar til konferanse på Fretheim Hotel i Flåm, 29. og 30. november.

Publisert 03.10.2023

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete vil leie samlinga. Hovudtema første dagen er demografi og verknader for kommuneøkonomi og bustadpolitikk. Andre dag er berekraft hovudtema. I tillegg held vegdirektør Ingrid Dahl Hovland og politimeister Kaare Songstad innlegg. Jens Kihl vil få det siste innlegget og komme med eit skråblikk på kommunane i Vestland. Heile programmet vil leggjast ut her så snart alt er klart. 

Pris for deltaking på heile samlinga (inkl. overnatting) er kr 2 990. Om du vil delta berre på dagtid er prisen kr 695 pr. dag. Ønskjer du i tillegg å delta på middag om kvelden er prisen for denne kr 675.

Vi gjer merksam på at alle må gjere opp for seg sjølve ved utsjekk.

Vi håpar vi får ei hyggjeleg samling.

Påmeldingsfristen er ute. Kontakt Marit Lunde ved spørsmål.

Dato:
29. november 2023 12:00 - 30. november 2023 13:45
Stad:
Fretheim Hotel, Flåm
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Ordførarar, kommunedirektørar, leiarar i fylkeskommunen, KS og statlege etatar
Påmeldingsfrist:
16. oktober 2023 12:00